3. mars 2014

Richard Brautigan: Revenge of the Lawn (1971)

Dette var artige greier. Eg har lese to romanar av Brautigan før; dette er heilt annleis. Baksideteksten kallar sjangeren for ultra-short stories, og det er dekkande: 62 forteljingar; 146 sider.

Det handlar dels om ting som skjer med ein vaksen forteljar i California; det handlar dels om ein yngre mann i det nordvestlege Amerika. Det var der Brautigan voks opp, og boka vert gjerne omtala som den mest sjølvbiografiske boka hans. Det kan så vera, men det som gjer dette til ei stor bok er det overskotsprega språket. Det boblar over av gode metaforar og lystige påfunn; fleire gonger gjorde eg noko så utypisk meg som å le høgt av det eg las.

Eitt døme på det var historien om han som var så glad i poesi at han ville ha dikt overalt i huset sitt. "He decided to take the plumbing out of his house and completely replace it with poetry". Det gjer han, men det fungerer dårleg, og han vil skifta tilbake. Det går ikkje dikta med på, og etter ein slosskamp der dikta vinn, vert han kasta ut av huset sitt. Det dukkar òg opp uventa metaforar - eg trur ikkje andre enn Brautigan kunne ha skrive " The screen door was badly in need of repair, and opened like a rusty bicycle".

Så eg smiler og ler, men det kjem òg djupt alvorlege ting. Novella "I Was Trying to Describe You to Someone" er ei fantastisk kjærleikserklæring (eller noko i nærleiken av kjærleik), og det avsluttande portrettet av svigerfaren viser òg ein varme som ikkje alltid er like tydeleg.

Guffen tilrår.

Meir Brautigan på kulturguffebloggen
Keith Abbott: Downstream from Trout Fishing in America (biografi,2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar