17. mars 2014

Simen Sætre: Fjordman. Portrett av en antiislamist (2013)

Fjordman var berre kjend blant sine eigne fram til 22. juli 2011. Etter at det vart kjent at Anders Behring Breivik hadde brukt fleire Fjordman-tekstar i kompendiet sitt, vart interessa for fjordmannen større. Han stod fram i VG nokre veker seinare, dagen etter at han flytta frå Noreg. Fjordman var ikkje interessert i å snakka med fleire journalistar. Mange prøvde sikkert å få han i tale, men den som fekk best kontakt var Simen Sætre.

Sætre skulle fyrst skriva ein artikkel om Fjordman, men etter kvart såg han at det kom til å verta ei heil bok. Dei hadde sporadisk e-postkontakt, og etter mykje masing gjekk Fjordman med på å møta Sætre nokre dagar i Stuttgart, der Fjordman hadde høyrt at det skulle vera ein fin jolemarknad.

Boka sluttar med referat frå dei tre dagane der, men før me har kome så langt har Sætre dukka langt ned i historia til Fjordman. Han vitja heimbyen hans, Ålesund. Han reiste til Kairo, der Fjordman studerte arabisk nokre år. Han var i Hebron, der Fjordman var nøytral observatør. Og han vitja Internett, som var den staden Fjordman gjorde seg kjend. Han las alt han kom over av Fjordman-tekstar, og går inn i desse. Fjordman er sterkt kritisk til masseinnvandring, fyrst og fremst av muslimar, og det er som forkjempar for denne saka han skapte seg eit namn.

Fjordman er intelligent, høgt utdanna, han skriv (visstnok) godt, han har store faktakunnskapar, og han argumenterer sterkt for synet sitt. Likevel når han ikkje fram til mange, og det er her Sætre burde ha utfordra han meir. Viss alt Fjordman skriv er så eksemplarisk og faktabasert, kvifor når han berre fram til dei som er samde med frå før? Det verkar som om Fjordman meiner at det er ei semje om at han og andre likesinna skal teiast i hel, altså at media og andre er samde om at han ikkje skal sleppa til med meiningane sine. Det er, for å seia det mildt, ein meiningslaus påstand. Boka gjev eit godt bilete av Fjordman, men ho gjev eit like godt bilete av korleis det kan ulma i nokre av krokane på Internett. 

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar