6. mai 2014

Barney Hoskyns: Hotel California (2006)

I andre helvta av 1960-åra drog California til seg fleire og fleire musikarar. Mange slo seg ned i San Francisco, andre i Los Angeles. Det danna seg eit aktivt musikkmiljø rundt klubben The Troubadour, og mange av musikarane budde i Laurel Canyon, ein litt avskjerma dal relativt sentral i byen. Sentrale i dette miljøet var Neil Young, Joni Mitchell, Jackson Browne, Crosby, Stills og Nash, Gram Parsons, The Byrds, The Eagles, og mange fleire.

Nokre av desse gav ut strålande plater i desse åra; for andre var dette den mest kreative perioden. Grupper vart danna, dei vart oppløyst, og musikarane prøvde nye konstellasjonar. Nokre fekk stor suksess, og dette var ein av grunnane til at heile miljøet rakna, eller i alle fall at det stagnerte musikalsk, midt i 1970-åra: Dei store inntektene gjorde at dei som alt var for høge på seg sjølv vart endå meir sjølvsentrerte. Det, kombinert med altfor store mengder kokain, og ei manglande evne til å ta inn over seg at det skjedde mykje spanande andre stader i musikkverda.

Ein av dei som kjem ut av boka med heva hovud er Neil Young. Den gamle bandkameraten hans, David Crosby, er ein av dei som får verre og verre omtale, han framstår meir og meir som ein stormannsgal narkoman, som er herskar i sitt eige land.

Det er ei bok som gapar over litt for mykje. Her er mange gode anekdotar, og fleire finfine skildringar både av musikk og personar, men det vert etter kvart for mange personar å halda styr på. For meg, som berre har eit nært forhold til nokre av dei som vert omtalte, vert dette kanskje endå tydelegare enn for andre, men eg trur Hoskyns ville tent på å avgrensa talet på dei han skriv om.

Guffen er lunken.

Meir Hoskyns på kulturguffebloggen
Across The Great Divide (2003)
Lowside of the Road. A Life of Tim Waits (2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar