18. mai 2014

Christopher Nielsen: Metamorfose (2014)

Det var teikneserieteiknaren Christopher Nielsen eg fyrst merka meg, men han har etter kvart òg gjort gode ting i heilt andre kunstuttrykk. Eg har likt det han har gjort for fjernsyn og film; teaterstykka hans har eg ikkje sett, men dei har fått god omtale. Dette er debutromanen hans, og også her kjem han godt frå det.

Science fiction er ein sjanger eg sjeldan er innom. Handlinga her er lagt til eit år som ikkje ligg altfor langt unna, 2030. Evita, ei nitten år gamal jente, gjer alt for å verta berømt, utan at ho har hellet med seg. Ho prøver det nye dopet metamorfose, som lovar å gjera draumar til røyndom. Det skjer òg, men fyrst etter at ho har levd gjennom livet sitt på nytt, og denne gongen skjer oppveksten langt ute på landet, langt unna heimbyen Oslo. Ho vert ein superkjendis, men berre så lenge effekten av dopet varer.

Boka skildrar eit samfunn som ikkje verkar så bra. Det er dystert, det er myrkt, og det som framleis er verdiar i dag er ikkje verdt noko som helst. Alt handlar om å verta sett, alt handlar om å verta kjent. Dei som vil opp og fram må, i langt større grad enn i dag, vera viljuge til å gjera kva som helst for å nå måla sine.

Det kunne altså vore triste og seriøse greier, dette, men det er det ikkje. Nielsen er jo ein stor humorist, og her er fleire gode og komiske scener. Det som er endå meir gledeleg er språket. Boka er skriven i dagboksform, der nittenåringen skriv svært munnleg. Det er mykje slang, det er mykje lissom, og det er mange engelske ord og uttrykk - utan at ho beherskar engelsk i det heile, noko som kjem svært klart fram i intervjuet ho gjer med ei klona utgåve av Oprah Winfrey.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar