29. juli 2014

Reidar Bolling: Bernt Støylen (1951)

Det var i dei dagar då biografiar ikkje var så omfattande som no. Det var visst heller ikkje så store krav til kjeldetilvisingar og namneregister, og det var heller ikkje så nøye å tidfesta alt som vert fortalt. Det er nok å bruka omgrep som "seinare" eller "etterpå" - begge orda kan visa til ting som hende i veka etter, eller mange år seinare. Det er òg høgst tilfeldig kva det vert lagt mest vekt på, eller - tilfeldig er det jo ikkje, men ein tydeleg redaktør ville ha sagt frå om at her vert forfattaren for detaljert, andre ting i boka verkar no mindre viktige.

Og det var i dei dagar at denne biografien vart skriven. Bolling er ein stor beundrar av Støylen, og det skin gjennom heile vegen. Det er ikkje måte på skryt, det biletet som vert skapt av Støylen er utan plett og lyte. At han ikkje hadde svake sider verkar rart.

Støylen voks opp på Sunnmøre, tok teologisk utdanning, og vart med tida biskop i Agder. Han var salmediktar, han skreiv mykje i aviser, han var ein av dei tre bak Nynorsk salmebok, og han var mykje anna. Grunnen til at eg plukka opp denne boka var at han i rundt ti år var medredaktør i Norsk Barneblad. Akkurat det vervet gjer Bolling seg ferdig med på ei setning eller to.

Det er mykje rart å seia om denne boka, men samstundes har bøker som dette sin sjarm. Det vert feil, slik eg gjorde over, å jamføra med biografiane som vert utgjevne i dag. Det er rettare å kalla dette ei minnebok, og det er stas at slike bøker vart gjevne ut.

Guffen er lunken.

28. juli 2014

Tony Fletcher: Perfect Circle - the Story of R.E.M. (2013)

Sånn samla sett er ikkje R.E.M. blant favorittbanda mine, men dei har laga i alle fall to plater eg er svært glad i: Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992). Platene som kom før desse var sånn på det jamne for meg; platene som kom etter var ein jamn nedtur. Eg såg dei live éin gong, frå aller bakarste benk i Oslo Spektrum, der eg attpåtil greidde å gå glipp av oppvarmingsbandet Radiohead (som eg rett nok ikkje fekk sansen for før nokre år etterpå).

Denne band-biografien er solid, på alle måtar. Fletcher held seg til musikken, og held seg stort sett langt unna privatlivet til medlemmane. Han gjer det heile kronologisk, han skriv om turnear, om plater, om samarbeidsprosjekt, om oppturar og nedturar. Han får godt fram korleis musikk og arbeidsmåtar endrar seg, og får fram kor viktige R.E.M. var, og kor godt likte dei var av andre musikarar. Dei stod for noko nytt, og dei stod òg for noko - dei hadde klare politiske meiningar (som rett nok lenge ikkje kom fram i tekstane deira), og dei gav pengar til saker dei støtta.

Fletcher er kanskje for lojal mot bandet. Han legg like stor vekt på alle platene deira, også dei mange heller uinteressante som kom i 90-åra og seinare, og prøver så godt han kan å finna noko positivt å seia om dei. Det greier han, i alle fall nesten. Eg har nokre av dei seinare platene deira, som eg kjøpte etter å ha lese rosande meldingar, men eg vart skuffa gong etter gong. Fletcher er altså lojal, men skriv òg at mange datt av om lag samstundes som meg, trass i at R.E.M. framleis hadde eit godt namn i musikkpressa, der dei altså fekk skryt så det heldt.

Guffen tilrår.

26. juli 2014

Thor Gotaas & Roger Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)

I litteraturen om den norske utvandringa til USA la ein lenge all vekta på suksesshistoriene. Det vart nemnt at alle sjølvsagt ikkje fekk det bra, men dei det gjekk dårleg med vart grovt sett skrivne ut av historia. Det endra seg mot slutten av 1990-talet, ikkje minst då Odd Lovoll gav ut The Promise Fulfilled, der han skreiv om fleire norskamerikanarar som av ulike grunnar fall utanfor idealbiletet.

Denne boka bryt totalt med det etablerte mønsteret. Ho fortel historia om norske uteliggjarar i Brooklyn. I rundt femten år budde mange heimlause og fattige i enkle skur der. Ikkje alle var norske, men det var nordmenn som dominerte. Dei overlevde med god hjelp frå sjømannskyrkja og andre. Det var stort samhald mellom dei som budde der, og det var (ikkje uventa) høgt forbruk av alkohol.

Slik sett er denne boka viktig; ho fortel om ei lite kjend side i norsk utvandringshistorie. Diverre er det fortalt på ein drepande kjedeleg måte. Språket er livlaust; boka verkar dårleg strukturert. Med ei strammare redigering hadde dette emnet fått ei langt betre handsaming.

Guffen er lunken.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)

25. juli 2014

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)

I kappløpa om å verta fyrstemann på Nordpolen og Sydpolen var det ein ting som galdt. Det var ein klassisk sylv er nederlag-situasjon - vart du nummer to vart du, om ikkje gløymt, så i alle fall nesten som ein parentes samanlikna med vinnaren. Og det var ekspedisjonsleiaren som fekk mest heider og ære (og pengar).

I norsk polarhistorie er Fridtjof Nansen og Roald Amundsen dei to best kjende. Nansen var fyrstemann til å kryssa Grønland, og han hadde ei tid rekorden for å vera lengst nord. Amundsen var fyrstemann til å nå Sydpolen. Den einaste som var med på begge desse ekspedisjonane var Hjalmar Johansen, som denne biografien handlar om.

Johansen var ein solid idrettsmann, men det var omtrent det einaste han lukkast med. Spesielt godt treivst han i polarområda, etter å ha vore på tur med Fram, og seinare til fots saman med Nansen, i tre år, var han trist då han kom attende til busette strok. Utan Johansen hadde ikkje Nansen overlevd fotturen sin. Forholdet mellom dei to er fascinerande, der dei er på tur åleine i over eit år før dei vert dus. Dei vert etter kvart gode vener, men når turen er over søkjer Nansen heller kontakt med meir intellektuelle folk, folk med større namn.

Johansen bed ofte Nansen om lån. Desse pengegåvene var meir som stipend, og tiggarbreva kom både før og etter Sydpolekspedisjonen med Amundsen. Det skar seg heilt mellom dei to, etter at Amundsen tok ut altfor tidleg, måtte avbryta polframstøyten, og reiste frå turkameratane ute i isen. Johansen redda livet til den mest frostskadde av dei, og greidde ikkje å halda tett med kva han meinte om slik leiarframferd. Han vart utstøytt av gruppa, fekk ikkje vera med til Sydpolen, og etter at dei alle kom tilbake til sivilisasjonen reiste han heim for sjølv. Han kjende seg med rette dårleg handsama, men snakka likevel aldri om kva som var grunnen til at han vart utstøytt. Det var dels av di han var lojal, men mest av di han skjøna at han ikkje ville verta trudd. Det var ikkje før femti år seinare, etter at dagbøkene hans frå turen vart kjende, at heile historia kom fram. Då hadde han vore død lenge, han tok livet sitt kort tid etter heimkomsten.

Det er ei god bok, dette, der alle dei utrulege hendingane i livet til Johansen vert godt fortalt. Boka er med på å riva ned glorien over Nansen og Amundsen; dei framstår langt ifrå som store heltar som heile tida veit kva dei vil. Dei er heile vegen avhengige av gode hjelparar, og Johansen var ein av dei beste hjelparane dei kunne hatt.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)

24. juli 2014

Inger Indrebø Eidissen: Gustav Indrebø. Ei livsskildring (1993)

Gustav Indrebø var ein av dei mest profilerte målmennene i tiåra før den andre verdskrigen. Han var lenge formann i Det Norske Samlaget, nokre år formann i Noregs Mållag, og engasjerte seg i dei dagsaktuelle sakene. Mållova var ganske ny, og han prøvde å få folk til å ta den på alvor. Han var svært kunnig i stadnamn, og var med i fleire av debattane om fornorsking av namn på norske byar og stader. Han vart etter kvart svært oppteken av rettsskriving, og stod trufast på i-målssida i drøftingane om ny rettskriving i 1930-åra.

Denne biografien gjev ikkje eit altfor balansert bilete av Indrebø. Det kan ein kanskje heller ikkje venta, all den tid forfattaren skriv om far sin. Men ein må kunna venta litt meir engasjement rundt det som vert skrive, og ei bok som er betre strukturert enn denne er. Det er nesten paradoksalt at ein så engasjert og interessant person som Indrebø får ei så lite engasjerande og interessant bok. Det er mykje oppramsing, små saker får stor plass, medan større saker får mindre plass. Boka har òg ein rar disposisjon, der saker som burde høyra saman vert drøfta på heilt ulike stader.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. juli 2014

Hilde K. Kvalvaag: Skagerrak (2008)

Sommar i Danmark; to småbarnsfamiliar ferierer som vanleg i to hytter tett i tett. Siv, mora i den eine familien, føler at mannen hennar, Harald, er på veg vekk frå ho, og dette vert endå tydelegare då veninna til nabokona, Lillian, kjem innom for nokre dagar. Siv ser at Harald og Lillian likar kvarandre, og det likar ho dårleg. I alle fall litt dårleg. Av og til verkar det som om ho er heilt likegyldig til det som skjer. Ho er ikkje heilt trufast sjølv heller, ho tenkjer heile tida på noko som (truleg) har skjedd med ein kar som ho skal høyra frå etter sommaren, og ho er òg svært oppteken av nabokona.

Me ser det heile gjennom Siv, og ho er ikkje heilt i balanse. Detaljar vert mykje meir enn detaljar, samstundes som ho ikkje greier enkle ting som å koka egg lenge nok. Ho kan òg finna på å ikkje melda frå kvar ho går, slik at dei andre vert redde for ho. Ingen gjer likevel noko større nummer av det, og det vert i det heile ein ferie det er vanskeleg å tru på. Det same gjeld nokre av dialogane.

Guffen er lunken.

20. juli 2014

Odd W. Surén: Dråper i havet (1998)

Dette var artige greier. Det er den fyrste romanen til Surén, og det er ei bok det er vel verdt å lesa. Forteljaren i boka er ein person det er vanskeleg å lika, og det er kanskje grunnen til at han er så godt eigna til å vera forteljar. Han er gymnaslærar, ungkar, sterkt asosial og full av illusjonar om si eiga framtoning. Noko av det som gjer boka så underhaldande er at han er klar over alle desse illusjonane berre er illusjonar.

Han har ikkje noko kontakt med familien sin, men då han vert invitert i bryllaupet til broren kjenner han seg nøydd til å reisa. Både på reisa dit, timane før bryllaupet, og under sjølve giftinga og festen etterpå irriterer han seg grenselaust over alt og alle han ser. Det er høgst truleg gjensidig, broren snakkar han knapt med, og den einaste grunnen til at systera snakkar med han er at ho vil lura litt pengar ut av han.

Det er altså ei høgst fornøyeleg bok, der det er noko å smila av heile vegen.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Usynlig for verden (2015)

19. juli 2014

Castle Freeman, jr: Round Mountain (2012)

Dei tolv novellene i denne boka hentar handlinga frå ein liten tettstad eller eit bygdelag i Vermont. Nokre personar dukkar opp i fleire av novellene, som går føre seg over eit langt tidsrom. Me møter småkriminelle, folk med rusproblem, familiar som ikkje går heilt opp, folk med alvorlege sjukdomar, folk som er leie av å leva, osb. Eg har lese fleire slike bøker dei siste åra, og det er kanskje difor eg ikkje er altfor imponert over dette. Samanlikna med desse bøkene, som handlar om små tettstader andre stader i USA, vert dette for lite spesielt.

Likevel er her mykje som er bra. Gjennom heile boka er det gode dialogar, og nokre av novellene er svært gode. Best er tittelnovella, som handlar om ein leiteaksjon. Ein vaksen gut, som ikkje har noko språk, har forsvunne, og me vekslar mellom dei som er ute i skogen og leitar, og dei to som sit heime og ventar.

Guffen er lunken.

Richard Ford: Wildlife (1990)

Å kjøpa bøker var heilt annleis i 1990-åra. Eg budde i Bergen, og det gjekk sjeldan meir enn ei veke mellom kvar gong eg var innom i dei to-tre bokhandlane som hadde stort utval i engelskspråklege pocketbøker. Desse bøkene var billege, og det var stort å gå mellom bøkene, sjå etter titlar og omslag eg likte. På denne måten møtte eg bøker av heilt ukjende forfattarar.

Ein av dei forfattarane var Richard Ford. Eg trur The Sportswriter var den fyrste Ford-boka eg kjøpte, og det vart fleire etter kvart. Ford skriv godt, og er best i kortare format. Trilogien om Frank Bascombe, der The Sportswriter er den fyrste, vert gradvis dårlegare; det kan godt henda at det heng saman med at bøkene vert veldig omfattande, samstundes som handlinga skjer i eit kort tidsrom.

Eit kjennemerke ved bøkene hans er at hovudpersonane oftast har godt betalte og prestisjefulle jobbar. Det er langt frå det same som at dei har det bra, dei haltande liva og problema deira vert oftare presenterte i bøker der hovudpersonane knapt nok har jobb i det heile. Slik er det også i Wildlife. Det er ein relativt kort roman, som på mange måtar minner om ei kort novelle. Det heile vert fortalt av ein seksten år gamal gut, som nett har flytta til Great Falls, Idaho, saman med foreldra. Forholdet deira bryt saman då faren, som livnærer seg som golftrenar, melder seg som friviljug for å sløkkja ein skogbrann. Han vert vekke i tre dagar, og på den korte tida greier mora å finna seg ein ny og velståande (og dødssjuk, viser det seg) elskar.

Måten Ford skildrar dette, gjennom augene på den seksten år gamle guten, er glimrande. Han skjønar ikkje alt som skjer rundt han - han og mora et middag hjå elskaren hennar, og han får ikkje med seg (eller vil ikkje få med seg) kva dei eigentleg held på med. Samtalen mellom han og mora, og mellom han og faren, i etterkant av det som har skjedd, er òg framifrå.

Guffen tilrår.

Meir Richard Ford på kulturguffebloggen
Let Me Be Frank With You (2014)
Between Them (2017)

13. juli 2014

Stig Larsson: Når du kjenner at det begynner å ta slutt (2012)

Hm. Denne boka har fått til dels strålande omtalar, men for meg vart ikkje forventningane innfridde. Det er ei slags minnebok, der Larsson etter innfallsmetoden fortel om hendingar frå livet sitt. Der er to hovudtema - skrivinga hans, og tilhøvet til rusmiddel, fyrst og fremst speed. Eit tredje tema er forresten kjærleik og sex.

Av og til er det svært bra. Han skriv fleire stader om at han vil skriva om to lange forhold han har hatt, men at han kvir seg litt for det. Han skriv òg at meininga med boka er å åtvara mot å bruka speed. Mot slutten skriv han endeleg utfyllande om kva som gjekk gale mellom han og dei to kvinnene, og dette er den beste delen av boka.

Før me kjem så langt har me vore gjennom mykje rart. Eg kjenner lite til svensk litteratur, men Larsson ser ut til å ha vore viktig, også på andre kulturområde. Han har skrive romanar, sett opp teaterstykke, regissert filmar. Han fortel om andre kunstnarar han har møtt, men skriv òg om fotballfans han kjenner, og om folk frå rusmiljøet. Han har hatt eit hardt liv, mykje drikking, mykje dop, mykje vanking i kriminelle miljø, mange damer, osb. Han har svært høge tankar om eiga skriving, han skriv ein stad at han gjerne les eigne diktsamlingar om att, og at han stadig vert imponert over dikta, og at han stadig oppdagar nye ting i dei.

For meg vert kvaliteten for svingande. Av og til er det svært bra, andre stader vert det omtrent berre pludring. Mange av anekdotane og historiene er gode, andre verkar heilt malplasserte, og kunne gjerne vore kutta ut.

Guffen er lunken.

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)

Mathea Martinsen, forteljaren i denne romanen, er omtrent usynleg. Ho er heilt på slutten av livet. Ho har lenge vore gift med Epsilon, men bortsett frå han har ho knapt snakka med noko menneske dei siste tiåra. Ho sit inne, går sjeldan ut, men finn ut at ho vil prøva å få kontakt med omverda. Ho anar ikkje korleis ho gjer det.

Ho er ein ikkje heilt truverdig forteljar. Eller rettare - ein forteljar utan altfor stort innsyn i det som skjer. Ho skriv om ting som har skjedd gjennom heile livet hennar, og fleire gonger er det opplagt at ho tolkar situasjonane feil. Kanskje dette kjem av at ho koplar inn ein forsvarsmekanisme, kanskje ho ikkje forstår alt som skjedde.

Det er ei glimrande bok. Her er mykje som imponerer, til dømes at ei debutbok kan vera så gjennomført og stilsikker, eller at den tretti år gamle Skomsvold så elegant skriv seg inn i sinnet til ei langt eldre kvinne.

Guffen tilrår.

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Monstermenneske (2012)
33 (2014)

8. juli 2014

Fløgstad-symposium (2001)

Hausten 2000 vart det arrangert eit Fløgstad-symposium i Bergen; foredraga vart året etter samla i denne boka. Foredraga var haldne av litteraturvitarar, forfattarar, bokmeldarar (og kanskje andre), og er stort sett høgst lesverdige.

Det vert ofte mykje ros i ein slik samanheng. Slik er det her òg, med eitt unntak: Erik Bjerck Hagen vart invitert av di han slakta romanen Kron og mynt i BT, og er frisk nok til å halda fast ved den ståstaden på dette symposiet. Om han, viss det var fritt fram for innspel frå salen etter innlegget hans, fekk så hatten passa er uvisst, men både den boka og andre bøker og andre får altså mykje skryt.

Dei to bidraga frå forfattarkollegaer sprikar stort. Einar Økland er sånn midt på treet, medan Dag Solstad skriv underhaldande og innsiktsfullt om forholdet han har til Fløgstad, både som ven og forfattar. Elles var det altså jamt over bra, bidraget til Atle Kittang var det eg likte aller best.

Sjølv kjenner eg ikkje forfattarskapen til Fløgstad i detalj - eg har lese tre-fire romanar, og nokre av sakprosabøkene hans. Ei bok som dette gjev meg lyst til å lesa han igjen, sjølv om eg ikkje alltid har vore like imponert.

Guffen tilrår.

5. juli 2014

Betty Medsger: The Burglary (2014)

Det best kjende innbrotet i USA i andre halvdel av 1900-talet var innbrotet i Watergate i 1972. Det viktigaste innbrotet i den same perioden skjedde året før, då åtte personar braut seg inn i eit FBI-kontor i Media, Pennsylvania, og tok med seg alt dei fann av arkiv. Dokumenta dei fekk med seg dokumenterte at FBI brukte arbeidsmetodar dei ikkje hadde mandat til å bruka, og at dei dreiv overvaking av enorme mengder amerikanarar.

Viss nokon sympatiserte med kommunismen, om nokon arbeidde for like rettar, om nokon kjempa for å få slutt på rasismen, om nokon dreiv aktiv motstand mot Vietnam-krigen - FBI hadde mapper på dei. FBI infiltrerte aktivistmiljø, og dei avlytta private heimar. Alt skjedde med klarsignal frå J. Edgar Hoover, den totalt einerådige FBI-sjefen som ingen vågde å setja seg opp mot.

Ingen, bortsett frå åtte fredsaktivistar. Innbrot hadde vorte ei vanleg aksjonsform, hovudsakleg mot kontor som registrerte og kalla inn soldatar til teneste i Vietnam. Dei åtte, leia av professor William Davidon, planla og gjennomførte eit perfekt kupp. Eit heilt år etter innbrotet sende dei kopiar av dokumenta til utvalde journalistar, og dette førte til at FBI måtte endra seg. Det verste av alle programma til Hoover, COINTELPRO, vart lagt vekk, saman med ei rekkje mindre prosjekt. Hoover var, ikkje overraskande, forbanna etter innbrotet, og gav beskjed om at dei skuldige skulle finnast. Det greidde ikkje FBI, sjølv om det var tett på. Fleire av dei åtte var mistenkte, og fleire fekk besøk av FBI-agentar heime.

Ein av grunnane til at FBI ikkje greidde å løysa saka kan vera at dei åtte braut kontakten heilt etter at dokumenta var sende ut. Betty Medsger, som var ein av journalistane som fekk tilsendt kopiar av dokumenta, møter mange år seinare ved eit tilfelle eit ektepar som var med, og ser sjølvsagt at her ligg kimen til ei god bok. Ho bed ekteparet kontakta dei andre som var med, og saman greier dei å spora opp sju av dei åtte. Det er mykje utruleg i denne boka, men kanskje mest utruleg er at dei åtte, som i tiåra etter såg effekten av det dei hadde gjort, og som kvar for seg var stolte over det dei hadde vore med på, aldri tok kontakt med dei tidlegare innbrotskollegaene sine.

Det er mykje utruleg her, ja. Forteljinga om planlegginga og gjennomføringa av innbrotet er spanande lesnad. Deretter går Medsger over til å skriva om andre aksjonar, mellom anna eit innbrot på eit militært registreringskontor, der over tjue aktivistar vert tekne på fersken av FBI, men der samtlege likevel vert frikjende. Ho skriv om FBI-program som vert nedlagde, og ho skriv om livet til aktivistane i tiåra etter innbrotet.

Viss nokon er i tvil om kva sivil ulydigheit kan føra med seg, bør dei lesa denne boka.

Guffen tilrår.

John Lydon: Rotten (1993)

For mange av oss er historia om Sex Pistols og korleis punken vaks fram i London ei kjend historie. Rotten/Lydon sin versjon er ikkje altfor ulik andre versjonar, men ikkje uventa fortel han det heile svært direkte. Han er heilt klar når han omtalar dei fem-seks andre som stod sentralt. Paul Cook og Steve Jones får stort sett plusspoeng, Glen Matlock får stort sett minuspoeng, Malcom McLaren er gjennomgåande ein drittsekk, og Sid Vicious vert introdusert slik - "Sid was an aboslute wanker".

Han nyanserer synet på Sid utover i boka, og gjev òg ros til Matlock og McLaren der han meiner dei fortener det. Han er lojal mot familien sin, men elles sparkar han i alle retningar. Dei som kanskje får mest pes er andre punkband, og dei som likte denne musikken. For Rotten handla punk om å frigjera seg, om å ha individuell fridom og ein individuell stil - dei aller, aller fleste av dei som følgde etter gjorde ikkje anna enn å kopiera. Difor meiner han at det var greitt at Sex Pistols vart oppløyst i januar 1978; då hadde dei ikkje meir å by på. Samstundes meiner han òg at dei godt kunne ha drive på lenger.

Han har invitert ei rekkje andre personar til å skriva kapittel, eller til å verta intervjua. Boka opnar med at Rotten seier at sidan det har vore skrive så mykje rart om framveksten av punken, vil han no fortelja den sanne historia. Bruken av fleire forteljarar sparkar beina under heile den tanken, det aular av motsetnader og ulike oppfatningar av kva som har skjedd. Det seier seg eigentleg sjølv; personar som var med då noko skjedde har sjeldan heilt identiske minne om kva som hende. Det vert altså ikkje nødvendigvis den sanne historia om punken, men det vert den historia Rotten hugsar. Og det er ei svært underhaldande historie.

Guffen tilrår.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)

Fridtjov den Frøkne, som i dag vel er best kjend frå den enorme statuen på Vangsnes, er hovudpersonen i denne soga. Dette er ei ny omsetjing, gjort av Jon Fosse; soga har tidlegare mellom anna vore omsett av Ivar Aasen.

Det er ei innhaldsrik forteljing, sjølv om ho ikkje er så omfattande. Noko av det som fascinerer mest er den ordknappe forteljarstilen. Her finst knapt nokon landskapsskildringar, her finst lite unødvendig informasjon - teksten går rett på sak heile tida. Det er òg stas å sjå korleis personane nyttar eit kvart høve til å dikta nokre liner.

Fridtjov har eit godt auge til kongsdottera Ingebjørg. Ho vert gifta vekk til kong Ring, og brørne hennar sender Fridtjov til Orknøyane, der dei reknar med at han misser livet. Han overlever, og oppsøkjer kong Ring. Når Ring døyr, arvar Fridtjov riket hans, gifter seg med Ingebjørg, og får dermed hemn over brørne hennar.

Det er ikkje noko tjukk bok, dette, og det går heller fort å lesa ho. Men den korte stunda er ei god stund, ikkje minst av di språket verkar så rett.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Olavs draumar (2012)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)