13. september 2014

Before Sunset (2004)

Dei to frå Before Sunrise er ni år eldre. Det vart ingenting av det avtalte møtet eit halvt år seinare, og dei har ikkje hatt kontakt i det heile. Han bur i Amerika, er gift og har ein son, ho er meir frittgåande. Han er forfattar, og har skrive ei bok om ei natt to unge menneske har saman i Wien. Boka vert ein bestseljar, han er på promoreise i Europa, og den siste dagen, i Paris, møter ho opp.

Han må køyra til flyplassen ein time seinare, og filmen handlar om denne eine timen. Som i sist film går dei gjennom byen, men den store skilnaden er sjølvsagt at no kjenner dei kvarandre (litt). Gradvis kjem det fram at begge angrar på at dei ikkje utveksla telefonnummer i Wien, begge kunne tenkt seg å verta betre kjend. I alle fall då.

Filmen er ikkje like god som den fyrste, men er likevel verd å sjå. Det heile skjer altså i real time, og her er mange lange kutt, der dei to går nedover lange og tronge gater. Ingen av dei har vanskar med å finna samtaletema, i alle fall ikkje etter dei fyrste, rare, minutta, men begge to kvir seg for å ta opp det dei eigentleg vil snakka om - forholdet deira.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar