28. september 2014

Room 237 (2012)

Kor godt komponert kan ein film vera? Kor mange hint kan ein leggja inn i ein film, kor mange meir eller mindre skjulte historier kan der vera? Mange, viss ein skal tru på denne filmen. Det er uråd å tru på alt som vert hevda her, men filmen er likevel fascinerande.

Utgangspunktet er at Stanley Kubrick har lagt inn ei mengd skjulte referansar i filmen, og at filmen handlar om noko langt meir enn ein wannabe-forfattar som tørnar galen i eit klaustrofobisk hotell. Fleire personar, som ikkje vert introduserte, og som det heller ikkje vert teke til motmæle mot, kjem med sine meir eller mindre godt grunngjevne hypotesar om kva filmen handlar om. Ein meiner at det er ein film om korleis det kvite Amerika massakrerte indianar-kulturen. Ein annan meiner det er ein film om holocaust. Ein tredje meiner at filmen er ei stadfesting på at det var Kubrick som laga filmen som overtydde folk om at USA faktisk hadde sendt folk til månen. Ein fjerde hengjer seg opp i at møblementet endrar seg i same scene, og at i scena der Danny leikar med bilar på golvteppet (på plakaten til venstre), har han brått snudd seg 180 grader, slik at den brune streken som fyrst peikar inn mot magen hans peikar mot ryggen. Ein femte har prøvd å teikna hotellet, for å visa at det ikkje kan vera eit stort vindauga bak skrivebordet til hotelldirektøren, og at det sterke lyset bak det vindauga må tyda eit eller anna.

For meg verkar det meste av dette som reint vås. Det einaste som gav litt meining for meg, var dei mange referansane til indianarkulturen, og at filmen har sterk sympati med dei. Men det andre? Stort sett meiningslaust. Men det er fascinerande, ikkje minst av di det viser kor sterkt knytte ein kan verta til ein film. Her er folk som har sett filmen igjen og igjen, og som altså finn stadig nye lag med meining. Og dei ser filmen grundig - ein meiner at viss ein går gjennom opningsscena bilete for bilete, kan ein på eitt bilete sjå ein svak karikatur av Kubrick i skyene.

Guffen tilrår.

Meir Kubrick på kulturguffebloggen
Fear and Desire (1953)
Dr. Strangelove (1964)
The Shining (1980)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar