21. september 2014

The Shining (1980)

For nokre av oss verkar det som ein drøymesituasjon: Du og familien din skal passa på eit hotell i fem vintermånader, utan andre oppgåver enn å passa på varmeanlegget og gjera det som måtte dukka opp av vedlikehald. Slik er det òg for Jack Torrance, som drøymer om å verta forfattar, og som tek med seg kone og son til Overlook Hotel i Rocky Mountains. Det går ikkje heilt etter planen; Jack taklar det ikkje i det heile. Han vert gradvis galnare, og prøver å kopiera ein familietragedie han fekk høyra om på jobbintervjuet.

Det er ein skremmande film. Det heile er svært klaustrofobisk, dei er altså tre personar på eit svært hotell, langt vekke frå sivilisasjonen. Jack Nicholson, som har hovudrolla, passar godt til spela galen. Kona hans, Wendy, er mest oppteken av å ikkje gå i vegen for han. Ho veit at han tidlegare har vore valdeleg mot sonen deira; kanskje han òg har slege ho.

Filmen forklarar ikkje alt som skjer, og det kanskje mest uklare momentet er kven Jack eigentleg er. Filmen sluttar med at kamera zoomar inn på eit foto frå 1921, og der sit han sentralt. Var han berre ein innbilt person? Han har snakka med mange andre slike i filmen. Han vert innelåst i eit matlager, men kjem seg ut derfrå - er det fordi han er innbilt, eller var det andre innbilte personar som hjelpte han ut? Og viss det var det, korleis kunne han frysa i hel? Ting tyder på at Kubrick meinte at han var eit spøkelse; i originalversjonen (som vart endra ei veke etter premiera) sluttar filmen med at hotelldirektøren vitjar Wendy på sjukehuset, og fortel at ingen kan finna liket til Jack. Men viss han, til liks med alle dei andre innbilte personane han og dei andre ser i filmen, var knytt til hotellet på den måten - kvifor var Wendy og son deira der?

Guffen tilrår.

Meir Kubrick på kulturguffebloggen
Fear and Desire (1953)
Dr. Strangelove (1964)
Room 237 (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar