19. oktober 2014

Frank Rossavik: En god story. En biografi om Kåre Valebrokk (2013)

Kåre Valebrokk var ein mann det var vanskeleg å mislika heilt. Det han stod for politisk var ikkje heilt etter min smak, og han kunne ofte framstå som altfor sjølvoppteken. Samstundes var han ein mann som kunne vera underhaldande, og som verka rimeleg avslappa. Denne biografien forsterkar dei fleste av desse inntrykka, men legg òg til ei rekkje nye. Det biletet eg måtte endra mest var inntrykket av at han var sjølvoppteken - han kunne nok framstå slik i media, men dette var nok ein av dei mange mytane han bygde om seg sjølv. Fleire omtalar han som snill og omtenksam, og som ein svært lojal sjef i dei mediebedriftene han var leiar for - Dagens Næringsliv og TV2.

Det er nærliggjande, slik Rossavik òg gjer mot slutten av boka, å jamføra han med Einar Førde, som Rossavik òg har biografert, og som òg var leiar for ein av dei store norske mediehusa. Valebrokk kunne òg koma med fantastiske replikkar, av og til får ein kjensla av at han gjorde ting av di det ville koma ei god historie ut av det. Det beste dømet på dette er då ein journalist i DN vart kalla inn til han, med beskjed om at han fekk eit lønstillegg på.

Eit hovudprinsipp for journalisten Valebrokk var at det som er sant, kan trykkjast. Avisa skal ikkje tenkja på konsekvensane, og han kunne difor trykkja kritiske artiklar i DN om både eigarar og styremedlemmar i DN. Slik sett ville han nok ha likt denne boka, der Rossavik har fått fritt spelerom i det som finst av personlege arkiv, der han har snakka med både vener og fiendar, og der han har skapt eit bilete av ein fargerik redaktør som ikkje stemmer heilt med biletet Valebrokk sjølv ville ha skapt. Og det er ei bok som fengar, det er ei fascinerande historie som vert fortalt. Få biografiar har ein like presis som denne.

Guffen tilrår.

Meir Rossavik på kulturguffebloggen
Blant republikanerne (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar