19. oktober 2014

Robert Endeacott: Peaches. A Chronicle of The Stranglers 1974-1990 (2014)

The Stranglers var eit bra band. Dei slo gjennom samstundes med punken, men sjølv om det var mykje aggresjon i musikken deira, var det langt større variasjon i platene deira enn i mange av dei tidlege punk-platene. Den viktigaste grunnen var kanskje keyboardspelinga til Dave Greenfield, ein annan grunn kan ha vore at dei var langt betre musikantar enn punk-gruppene, og kanskje òg at dei var langt eldre. Trommisen Jet Black var gamal nok til å vera far til mange av dei tidlegaste punkemusikarane.

Denne boka er ei strengt kronologisk oversikt over det meste bandet gjorde fram til gitarist/vokalist Hugh Cornwell slutta i bandet i 1990. Robert Endeacott fortel om oppturar og nedturar og alt det der. Dei er favorittbandet hans, og han skriv ein stad at han er aktiv i ein "Stranglers Community", antagelegvis på nettet. At han set bandet høgt er eit godt utgangspunkt for å skriva ei bok, men at han set bandet så høgt at han omtrent ikkje greier å vera kritisk, er langt verre.

For The Stranglers var eit band ein kunne seia mykje negativt om. Dei var valdelege, dei skreiv fleire sterkt kvinnefiendtlege tekstar, dei brukte (altfor) mykje narkotika, og framstår rett som det er som svære drittsekkar. Endeacott ser ikkje desse negative sidene, eller rettare - han ser ikkje desse sidene som negative. Når Cornwell i januar 1980 møter i retten, etter at han vart teken med ulike typar narkotika i lomma, er det absolutt ikkje Cornwell si feil at han får ein førebels streng dom, der han mellom anna ikkje får lov til å forlata landet for å gjennomføra ein planlagd turné i Asia. Dette fekk svære følgjer ikkje berre for The Stranglers, i følgje Endeacott - ikkje berre gjekk dei glipp av inntekter og heider og ære, men at The Police turnerte dei same landa nokre månader seinare la grunnen for at det bandet vart så populære. Endeacott insinuerer at det var The Stranglers som burde hatt denne populariteten, som om det var opplagt at det neste new wave-bandet som turnerte Asia vart verdsstjerner. Og han kjem ikkje med noko forklaring på at Cornwell nokre veker seinare, men før den endelege dommen var fastsett, kunne reisa utanlands for å spela i Tyskland.

Boka har sin verdi, i alle fall for slike som meg, som ikkje har lese nokon Stranglers-biografi. Plater og konsertar vert presenterte, endringar i musikken vert i alle fall skrive litt om, medan Endeacott bruker altfor mykje tid på å referera ulike konsertar, der han kjem med detaljar om kva som vert sagt mellom songane, og korleis Cornwell endrar nokre tekstliner etter kva by og humør han er i. Og utan at det er så viktig, er det òg ei bok som ser ekstremt amatørmessig ut, det vert brukt ei rekkje ulike fontar, som ikkje står godt til kvarandre.

Guffen er lunken.

Meir Stranglers på kulturguffebloggen
Hugh Cornwell: A Multitude of Sins (2004)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar