24. november 2014

John Williams: Stoner (1965)

Mot slutten av denne romanen ligg William Stoner for døden. Han er stort sitt i si eiga verd, han får ikkje med seg alt som skjer rundt han, og han tenkjer på det han har fått gjort. Fleire gonger stiller han seg sjølv spørsmålet "what did you expect?".

Kva venta eg meg av denne boka? Ho har fått eit nytt liv, nærmast, om lag femti år etter at ho kom ut. Boka har fått mykje skryt, både i Noreg og andre stader, så eg venta meg mykje av boka. Langt meir enn det eg faktisk fekk. Tidvis er boka bra, andre gonger er ho berre kjedeleg.

Det handlar om livet til William Stoner, frå vogge til grav. Han veks opp som odelsgut og einebarn på landsbygda i Missouri, og planen er å ta over garden. Han flyttar til den nærmaste byen for å studera jordbruk, men skiftar til litteratur, og legg vekk planane om å verta farmar. Han får seg jobb på universitetet han har studert ved, og vert der livet ut. Han giftar seg med ei han ikkje skulle ha gifta seg med, han har få vener, og heile livet hans handlar etter kvart om arbeidet. Han kjem på kant med ein av kollegaene, får ikkje lenger undervisa i dei mest spanande emna, og då han vert pressa til å gå av med pensjon er han ikkje ein kollega dei andre vil sakna noko større.

Stoner er ein mann som går andre vegar enn det som er venta av han, men som likevel framstår som ein som ikkje får gjort så mykje, og som ofte let andre bestemma for han. Den eine gongen han verkeleg kjempar for noko han trur på, er då ein av studentane hans heilt opplagt ikkje er kvalifisert for studiet. Kollegaen han er på kant med kjempar for at studenten skal få halda fram, Stoner vil ha studenten ut, og kapitla om denne konflikta er velkomne. Her skjer det noko, her er det engasjement. Det same gjeld kapitla der Stoner har eit forhold til ein av studentane sine, der skjer det noko utanom det vanlege. Elles er det daglegdagse historier, som vert skildra i eit høgst nøkternt språk. Kanskje det er gjort for å visa at det er slik livet er, at det går an å leva i kvardagen òg, men for meg vart det litt for stilleståande.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar