8. februar 2015

Arne Larsen: Storen (2014)

Eg har vore mykje i Jotunheimen, og har vore på toppen av godt og vel femti av toppane der. Store Skagastølstind, Storen blant vener, har eg ikkje vore på, og har heller ikkje planar om å reisa dit. Eg har aldri klatra, og sjølv om eg reknar meg for relativt trygg i høgde, med mykje luft rundt meg, står eg nok over denne. Eg har vore på tre andre toppar i Hurrungane, men ingen av desse krev klatring.

Og eg har lese mykje om Jotunheimen. Eg kjenner historia til området nokolunde godt, og var frå før kjend med mykje av det som står i denne boka. Eg var likevel ikkje i tvil om at boka skulle kjøpast, også for oss som ikkje har vore der er Store Skagastølstind eit høgst interessant fjell.

Det er både godt og gale å seia om denne boka. Det positive fyrst - Larsen gjev god plass til dei fyrste som prøvde seg på fjellet. Turane til Slingsby, Petersen, Heftye og Hall (med fleire) vert godt omtalte, og Larsen skal ha ros for at han, så langt det let seg gjera, går til originalkjeldene, og ikkje berre repeterer det andre har skrive i bøker. Han prøver å gå godt inn i tekstane, og ser etter ord og setningar som kan ha skjulte meiningar. Han skriv om nye ruter, han skriv om hytter i området, han skriv om korleis fjellet er så populært at ein ofte må stå i kø der, og korleis ein i dag ofte betalar for å verta losa opp av ein fjellførar. Her er ei rekkje flotte foto i boka, og eg får lyst til å reisa tilbake til Hurrungane.

Det nyaste i historia om fjellet er òg det eldste. For rundt ti år sidan dukka det opp eit brev der Aage Lammers hevda at bestefaren, Amund Lammers, var på toppen av Store Skagastølstind i 1826, femti år før Slingsby. Brevet førte til at ein oppdaga ein rapport Lammers skreiv frå turen sin, som han gjorde på oppdrag frå Universitetet i Oslo. Det meste i rapporten tyder på at han var på Nordre Skagastølstind, som ikkje krev klatring, men det han skriv om sjølve toppunktet passar betre på Store Skagastølstind. Larsen vil ikkje konkludera, han har sjølv vore på toppen av begge toppane med metalldetektor for å leita etter myntane Lammers skulle ha lagt att, men utan resultat så langt. Han skal attende til sommaren, men inntrykket mitt er at viss han finn så gamle myntar, må det vera på Nordre Skagastølstind. Larsen skriv òg om korleis Slingsby ikkje skreiv noko om turen til toppen av Store Skagastølstind før tretti år etter at han hadde vore der, og spekulerer i om grunnen var at han på toppen av fjellet hadde gjort funn som viste at nokon hadde vore der før. For meg verkar dette som reine spekulasjonar.

Men her er òg innvendingar. Larsen seier at han skriv for alle, ikkje berre dei som har vore på fjellet. Då burde han ha teke seg bryet med å teikna inn rutene på flyfotoa i kapitlet der han skriv om dei ulike rutene, og i alle fall ikkje berre skriva bilettekstar som "Hjørnet, Galleriene og de forskjellige rutene er lett og identifisere". Mange vil òg stussa på bruken av å/og-regelen i den biletteksten, og Larsen burde brukt ein betre språkvaskar - her er mange skrivefeil, og altfor mykje repetering i teksten. Og sidan eg er i gang med klaginga - boka hadde sett betre ut om satsspegelen hadde vore den same i heile boka. Her finst (i alle fall) tre ulike variantar av reine tekstsider.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

2 kommentarer:

  1. Fjell og bøker = like gøy! Herlig at du presenterer en bok fra fjellet. Vi har satt av de 10 første dagene i sommerferien til å besøke Jotunheimen og andre steder i området, så dette er midt i blinken. Har du lest boken jeg linker til under? Utrolig bra, og en god motivasjon til nye turer :) http://tinesundal.blogspot.no/2013/04/norges-beste-toppturer-en-spennende.html

    SvarSlett
  2. Hei - eg kjenner ikkje boka du peikar til, men har nokre liknande. God tur til Jotunheimen!

    SvarSlett