13. februar 2015

Carine McCandless: The Wild Truth (2014)

Eg såg filmen og las boka om Christopher McCandless, begge kalla Into the Wild, for nokre år sidan, og vart, som mange andre, fascinert av han. Han var ein oppegåande kar, som var misnøgd med det amerikanske samfunnet, og som etter å ha fullført college la ut på ei reis gjennom USA (og Mexico, så vidt). Han haika til Alaska, der han la vegen ut i naturen, for å leva av det han fann der. Han overlevde i 113 dagar, omtrent. Både filmen og boka er glimrande.

Denne boka er langt frå like god. Syster hans, Carine, var den som stod han nærast, og ho fortel om bakgrunnen for at han reiste frå alle han kjende. Den delen av boka er grei nok, og det same gjeld kapitla der ho fortel om korleis ho sleit etter at broren var funnen død. Men det vert for mykje av alt det andre. Ho vil gjerne fortelja om oppturar og nedturar i sitt eige liv, og det er korkje interessant eller spesielt. Ho giftar seg for tredje gong før ho er tretti år.

Men dei to syskena hadde ein tøff oppvekst. Foreldra kjem ikkje godt ut av dette - at foreldra lyg for ungane er ein ting, at faren er valdeleg er noko heilt anna, og at mora heile tida forsvarar faren er endå meir noko heilt anna. Faren var godt gift då han trefte mora, og var heilt open om at han levde eit dobbeltliv. Han budde to veker hjå kona si, og to veker hjå elskarinna. Begge kvinnene vart gravide omtrent samstundes, slik at Christopher hadde ei halvsyster som var nokre månader yngre. Før Carine var fødd hadde han òg fått ei dotter til med kona. Det er faren som er den store stygge ulven i alt dette, men likevel: Kona hans var i alle fall sterk nok til å bryta med han, og gje ungane sine ein trygg og god oppvekst. Mor til dei to McCandless-syskena jatta berre med han, og Carine meiner altså at dette er grunnen til at Christopher flykta. Det må ha spelt inn, men ho overtyder ikkje meg om at det er den einaste grunnen.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Jon Krakauer: Into the Wild (1996)
Into the Wild (film, 2007)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar