2. februar 2015

Kampen om tungtvannet (2015)

Tungtvassaksjonen, igjen. Er det ei hending frå den andre verdskrigen i Noreg som er godt eigna for ein fjernsynsserie, er det jo denne. Ein sabotasjeaksjon mot ein geografisk vanskeleg tilgjengeleg fabrikk vert gjennomført utan tap av menneskeliv. Der dei som arbeidde ved fabrikken måtte kryssa ei bru over eit djupt juv, gjekk sabotørane ned i det bratte juvet, opp på den andre sida, og returnerte same veg, før dei flykta på den mest norske måten av dei alle - på ski gjennom vinternatta.

Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor denne aksjonen fekk lengendestatus rett etter at krigen var over. Det var noko urnorsk over det heile, og det var òg slik at dei norske sabotørane fullførte det engelske soldatar hadde prøvd å gjera, men som dei knapt hadde kome i gang med. For meg var det barnelærdom at denne aksjonen hindra at Tyskland fekk utvikla atomvåpen, sidan nordmennene hindra at det verdfulle tungtvatnet vart sendt til Tyskland. Då, altså då eg var liten, vart det ikkje sagt noko om at det var sprenginga av ferja Hydro, der 14 sivile vart drepne, som sette ein endeleg stoppar for det tyske prosjektet. Og det vart heller ikkje sagt noko om at tyskarane truleg ikkje var i nærleiken av å få ferdig ei atombombe.

Men her er det altså serien det handlar om. Seks episodar, der dei to fyrste vart sende som ein lang opningsepisode. Den var av dei mest vellukka, der var det god flyt, og me vart kjende med alle dei viktige aktørane i serien. Nokre av desse kunne godt vore kutta ut, og det gjeld (diverre) dei fleste kvinnene i serien. Der er tre med sentrale roller - kona til den tyske fysikaren Werner Heisenberg, den fiktive kona til den fiktive fabrikksjefen Bjørn Henriksen, og den fiktive britiske offiseren Julie Smith. Med unntak av Smith er dei andre berre distraksjonar, som ikkje tilføyer historia noko som helst. Kvifor serieskaparane har sett det som naudsynt å dikta opp to sentrale kvinneroller forstår eg ikkje, serien hadde vore betre utan desse.

Så gjekk det opp og ned. Den sentrale hendinga i serien, aksjonen mot fabrikken, vert godt presentert i den fjerde episoden, og det trong serien - den tredje episoden skjedde det svært, svært lite i. Dei to siste episodane var på det jamne - tidvis bra, tidvis ordinært. Serien har fått svært mykje ros i norske aviser, og javisst er her mykje bra, men det er likevel ikkje slik at fjernsynshistoria må skrivast om etter dette, slik ein av og til får inntrykk av gjennom avisene.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Knut Haukelid: Det demrer en dag (1947)
Kampen om tungtvannet (film, 1948)
The Heroes of Telemark (1965)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar