11. mai 2015

Åsmund Svendsen: Halvdan Koht. Veien mot fremtiden (2013)

Halvdan Koht var ein markant aktør på mange område. Han var med då Noregs Mållag vart skipa i 1906, og sat som formann nokre år tidleg i 1920-åra. Han var professor i historie i 25 år, og hadde ein svært omfangsrik vitskapleg produksjon. Han gjekk av som professor i 1935, då han vart utanriksminister. Han var redaktør i Syn og Segn tidleg på 1900-talet. (Og omtrent samstundes organiserte han ein innsamlingsaksjon som redda Norsk Barneblad, men det vert ikkje nemnt i denne biografien.)

Svendsen legg mest vekt på historikaren og politikaren. Koht kjempa for at Noreg skulle halda seg nøytralt, og hadde ei altfor sterk tru på at politikarar, også dei frå andre land, var gode menneske som ville respektera den norske nøytralitetspolitikken. Alt under krigen fekk han mykje av skulda for at Tyskland såpass lett tok kontrollen over Oslo. Noko av dette var nok rett, men det er vanskeleg å sjå at sterkare norske politikarar, eller eit sterkare norsk forsvar, ville ha ført til noko anna enn at fleire menneskeliv gjekk tapt.

Det er hendingane rundt den andre verdskrigen som får mest plass her. Boka er lagt opp strengt kronologisk, og i kapitla som fører fram mot krigsutbrotet verkar det nesten som om Svendsen skriv av plikt, altså at dette er noko han må ha med, utan at det engasjerer han så mykje. Han greier i alle fall ikkje å engasjera meg som lesar, det vert mykje oppramsing, og det hadde truleg vore ei betre løysing å skriva ein tematisk biografi, ikkje ein kronologisk. Boka vert betre når krigen endeleg kjem i gang, men her vert det nesten for mange detaljar. Boka gjev god innsikt i kven Koht var, og kva han fekk gjort, men eg trur det hadde vorte betre om stoffet hadde vorte disponert annleis.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar