24. mai 2015

Super Size Me (2004)

Morgan Spurlock, regissøren av denne dokumentarfilmen, ville finna ut kor skadeleg fastfood eigentleg er. I ein månad et han berre mat frå McDonald's - tre måltid kvar dag. Det vert ikkje nokon lystig månad. Det meste går feil veg - han legg på seg, helsesjekkane viser at kroppen forfell ekstremt fort, han vert i dårleg humør, osb. Det siste er noko av det mest tydelege - når han kjøper mat på dag 1 er han glad og lystig, men det tek ikkje mange dagar før han vert kvalm av alt han stappar i seg. Dag 3 eller 4 kastar han like godt opp det han har ete. Det var rett nok ein av dei ekstra store måltida - han har bestemt seg for å takka ja kvar gong han får tilbod om å supersiza måltidet sitt.

Dokterane bed han om å slutta når det er ei veke att, men han fullfører. Då er han altså tjukkare og svakare, og det er opplagt at kosthaldet har skulda for det. Likevel skapar det eit inntrykk av at fastfood er meir skadeleg enn det faktisk er - det kan ikkje vera mange som utelukkande et McDonald's-mat, dagen lang. Det høyrer òg med at Spurlock er sambuar med ein vegankokk, slik at han, sjølv om han ikkje er vegetarianar, truleg har eit ekstremt sunt kosthald i det daglege. Å gå rett frå eit sunt kosthald til å berre eta fastfood må ha gjeve kroppen eit stort sjokk.

Spurlock oppfører seg omtrent som Michael Moore. Også Spurlock set ting heilt på spissen, og bruker mykje humor for å få fram poenga sine. Begge to er kritiske til mykje i det amerikanske samfunnet; ein skilnad er likevel at Spurlock faktisk bruker seg sjølv som forsøkskanin.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar