7. juli 2015

Holocaust (1978)

Dette er ein serie det er vanskeleg å vurdera. Her er mykje som er tynt; serien stiller ikkje akkurat store krav til oss som ser på. Alt vert forklart i minste detalj, serieskaparane verkar nesten redde for at nokre poeng skal gå sjåarane forbi. Historia er omtrent utan overraskingar, skodespelet er (jamt over) middels, og dialogar og slikt er heilt på det jamne. Samstundes vart serien laga for å informera om jødeutryddingane under den andre verdskrigen, og spesielt i Tyskland hadde han same verknad om Røtter hadde i USA - innbyggjarane i desse to landa vart meir klar over si eiga historie.

Holocaust handlar om den velståande jødiske familien Weiss, som bur i Berlin. Faren er ein godt likt og dyktig dokter, men alt endrar seg etter at nazistane kjem til makta. Han og kona vert sende (attende) til Polen, der dei etter å ha engasjert seg i styringa av ghettoen vert sende til Auschwitz, der dei døyr. Den eldste sonen, kunstnaren Karl, døyr òg i Auschwitz, etter fyrst å ha vore lenge i Theresienstadt, der han mellom anna har laga regimekritiske teikningar. Dottera Anna vert valdteken av tre nazistar, og vert seinare gassa i hel på eit sanatorium. Den einaste som overlever er sonen Rudi, som tidleg flykta frå Berlin, og som lenge var med i motstandsrørsla i Aust-Europa.

Så møter me òg Inga Weiss, den ikkje-jødiske kona til Karl. Ho reiser friviljug til Theresienstadt, der ho overlever, og møter Rudi etter krigen. (Dei snakkar saman i fem minutt, før Rudi, som altså har mist heile familien sin, og som ikkje anar kva han skal gjera med resten av livet sitt, seier at "nei, eg får koma meg vidare".) Og me følgjer òg Erik Dorf, ein ambisiøs og arbeidslaus jurist som i mangelen på andre løysingar melder seg til teneste for nazistane midt i 30-åra, og som klatrar høgt opp i SS-systemet. Han er sleip og kald, og er langt meir oppteken av karriera si enn kva han faktisk er med på.

Serien er til tider keisam, og temaet er presentert langt betre i andre fjernsynsseriar, som t.d. Heimat. Likevel må det ha vore viktig at serien, som har lagt vekk alle kunstnarlege ambisjonar og i staden siktar seg rett inn i mainstreamen, faktisk fekk fortalt om dette til eit enormt publikum.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar