30. august 2015

Hobbiten. En uventet reise (2012)

Det måtte vel gå denne vegen. Etter suksessen med dei tre Ringenes herre-filmane ville Aslak og Ivar gå vidare med Hobbit-trilogien. Og det var greitt for meg - eg har ikkje sett desse filmane. Boka las eg sikkert for lenge sidan, men hugsar ikkje anna enn at det var der Bilbo fekk tak i ringen.

Filmen opnar omtrent som den andre trilogien. Det er harmoni i hobbitland. Trollmannen Gandalv kjem, denne gongen saman med tretten dvergar, og også her endar det, etter ein altfor lang opningssekvens, med at ein hobbit legg ut på ein langtur, saman med dvergane og Gandalv. Denne gongen er det Bilbo, spelt av den glitrande skodespelaren Martin Freeman.

At opningssekvensen er lang kan henga saman med at filmskaparane tværer den relativt korte Hobbiten-boka ut til ein ny filmtrilogi. Tempoet tek seg opp etter kvart, men filmen kunne òg vore korta ned fleire stader. Dvergane vil ta tilbake eit fjell dei vart drive ut av for lenge sidan. På vegen møter dei orkar på store vargar, troll, fleire orkar på vargar, og endå fleire orkar på vargar. Dei vert tekne til fange, Bilbo lurer seg vekk, og møter Gollum langt nede i ei hole. Der finn han ringen, han lurer seg ut att til dei andre, og filmen sluttar med at dei kjem seg så langt av stad at dei skimtar fjellet sitt i det fjerne.

Filmen engasjerer ikkje så mykje som Ringenes herre-filmane. Kanskje det er historien som er svakare, kanskje det er for lite variasjon i karakterane. Her er reisefølgjet ein hobbit, ein trollmann og tretten dvergar, i den andre filmen er der alvar og menneske òg. I det brorskapet var det lett å skilja dei ni frå kvarandre; her vert det Bilbo, Gandalv, dvergkongen Thorin, og tolv andre dvergar det ikkje er råd å halda frå kvarandre, og som heller ikkje har særdrag. På den andre sida er det meir å le av i denne filmen.

Guffen er lunken.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Hobbiten (1937)
Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)
Ringenes herre: To tårn (2002)
Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)
Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar