11. august 2015

Odd W. Surén: Kometenes øyeblikk (2001)

Tommy Kristoffersen er ein romanfigur det er lett å lika. Hadde han vore ein verkeleg person hadde det truleg vore langt verre (sjølv om Marit meiner at han minner heller mykje om meg). Han trur han er langt viktigare enn han er, han trur han veit langt meir enn han er, han ser på alle andre som neper, han er sjukeleg oppteken av kva andre meiner om han, han er redd for å skilja seg ut, han er redd for at livet hans skal verta avslørt som mislukka, osb. Romanen, som er den andre i ein trilogi, vert fortalt av Kristoffersen sjølv, slik at me som les boka vert vitne til alt som skjer i hovudet hans. Og det er ikkje lite.

I den fyrste romanen om Kristoffersen, Dråper i havet, måtte han reisa i bryllaupet til broren. Den samkoma gjekk ikkje så bra. I denne romanen er utgangspunktet omtrent det same. Det er 25 år sidan han gjekk ut av ungdomsskulen, og han får invitasjon til ein jubileumsfest. Merkeleg nok bestemmer han seg for å reisa, og merkeleg nok går både reisa og festen relativt bra. Men Kristoffersen skjønar det ikkje heilt, han forstår ikkje korleis han kom seg så lett gjennom Gardermoen, og kan i alle fall ikkje forstå at han er relativt omsverma på festen. Fleire av dei som er der likar han godt, både kvinner og menn, men han mistenkjer dei heile tida for å gjera dette som ein vits, at dei eigentleg ikkje meiner det dei gjer og seier.

Her er ekstremt mykje å le av i denne boka. Kristoffersen framstiller seg sjølv relativt komisk, og Surén skriv òg hylande morosamt. Skal ein trekkja for noko, må det vera det siste kapitlet, der Kristoffersen går frå festen utan at nokon merkar det, og tenkjer på sitt på veg heim. Romanen hadde nesten fortent ein slutt med litt meir fres i.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar