8. august 2015

Ringenes herre: To tårn (2002)

Slik eg hugsar det frå då eg såg denne trilogien på kino, var dei to fyrste filmane godkjende, medan den tredje filmen var langt svakare. No har eg altså sett dei to fyrste filmane med nokre få dagars mellomrom, saman med Aslak og Ivar, og eg må visst revurdera oppfatninga frå gamle dagar: Denne filmen er langt svakare enn den fyrste.

Den fyrste filmen opna med at brorskapet vart splitta. Frodo og Sam heldt fram mot Mordor, Munti og Pippin var tekne til fangar av orkar, Boromir var død, Gandalv det same (trudde alle), og Legolas, Aragorn og Gimli la ut for å befri dei to fanga hobbitane. Denne filmen er altså delt opp på fleire ulike handlingar, og det er kanskje ein av grunnane til det ikkje går like godt unna her. Av og til er det keisamt, som dei bevisst langdryge scenene der Munti og Pippin er hjå entane. Andre gonger svingar det meir.

Frodo og Sam allierer seg med Gollum/Smeagol, vert tekne til fange av menneske, men vert slepne fri og har stø kurs mot dommedagsfjellet. Dei andre vert alle involverte i eit stort slag mellom dei onde (orkar) og dei gode (stort sett alle andre), og det er det slaget som dominerer i filmen. Det er òg det filmen kulminerer med, og dei gode vinn, etter at Gandalv reddar dagen i siste augneblink, saman med krigarar som tidlegare var utviste frå landet til folket som heldt på å tapa slaget.

Effektane er gode, og eg merkar filmen framleis fengar dei yngste, men for meg vart altså dette litt mindre vellukka enn eg trudde.

Guffen er lunken.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Hobbiten (1937)
Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)
Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Hobbiten. En uventet reise (2012)
Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)
Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar