14. oktober 2015

Breaking Bad, sesong 3 (2010)

Dette svingar framleis. Sesongen opnar med at dei to hovudpersonane, den ikkje lenger kreftsjuke kjemilæraren Walter White, og den tidvis rusfrie rusmisbrukaren Jesse Pinkman, ikkje snakkar mykje med kvarandre. White lagar den beste metamfetaminen nokosinne, og går med på å laga stoffet for den største dealaren i Albuquerque. Pinkman lagar litt for seg sjølv. Dei vert dregne mot kvarandre att, samarbeider ei stund, vert irriterte på den andre, før dei mot slutten er heilt på lag att.

Sesongen sluttar med at minst ein av dei er vorten drapsmann, og det er eit godt bilete på korleis dei utviklar seg, og korleis dei vert gripne av det dei held på med. I den fyrste sesongen viste dei begge sterk avsky mot valden; no ser det ut til at dei har akseptert at det er ein del av narkotikamiljøet. Problemet deira, ved utgangen av sesongen, er at dei har kome på kant med Gus Fring, stordealaren, og det verkar opplagt at det vert eit oppgjer mellom desse i neste sesong.

Det er ein ekstremt fengande og spanande serie. Når det byggjer seg opp mot eit høgdepunkt tek serieskaparane seg god tid, utan at spenninga avtek. Det er gode dialogar, det er mykje å le av, og det er dei gode bihistoriene: Det skrantande ekteskapet til White, der kona etter kvart får vita kvar alle pengane kjem frå. Syster hennar er gift med ein narkotikapolitimann, som fleire gonger er på nippet til å avsløra anten White eller Pinkman, og som sluttar sesongen i rullestol.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar