11. oktober 2015

Sinatra. All or Nothing at All (2015)

Det er hundre år sidan Frank Sinatra vart fødd, og denne nye mini-serien (to episodar, bortimot fire timar) fortel livet hans. Igjen. Eg har lese to biografiar om Sinatra dei siste åra, den eine var altfor positiv, den andre var langt meir kritisk. Denne filmen legg seg ein stad midt i mellom. Familien, i alle fall dei to ungane Frank jr. og Nancy, har vore involvert i arbeidet med denne seerien, og det kan henda at det gjer at også denne vert for lite kritisk.

Det var i alle fall haldninga mi i den fyrste delen av serien, der det fyrste møtet mellom Sinatra og toppfolk i mafiaen vert bortforklart som noko heilt tilfeldig. Nokre år tidlegare, under forbodstida i USA, hadde Sinatra sunge på hemmelege klubbar styrte av mafiaen, og då han trefte desse mafiafolka att, var det sjølvsagt på sin plass å helsa på dei. Bakdelen med denne bortforklaringa er at forbodstida tok slutt då Sinatra var 18 år, og sjølv om alt då hadde prøvd seg som songar, var han ikkje stor nok til å verta kjend med dei mafiakongane.

Seinare vert det oftare vist til samrøret mellom Sinatra og mafiaen. Det vert likevel ikkje gjort noko nummer av det, og fleire gonger vert kritiske merknader møtt med Sinatra sine eigne svar i store fjernsynsintervju. At han forsvarar eigne haldningar, burde ikkje overraska nokon. Andre av dei mindre sympatiske sidene til Sinatra, som at han var ein rundbrennar av dimensjonar, eller at han kunne vera valdeleg mot sine nærmaste, vert òg nemnd, og det kjem godt fram at han var ekstremt sjølvopptatt.

Me vert med på både opp- og nedturar i livet hans. Ein avskilskonsert i 1971 er ei rammeforteljing gjennom heile serien. Her framførte han elleve av dei best kjende songane sine, men avskilet vara berre i to år. Tida etter 1971 er kort fortalt i filmen. Og så er her mykje musikk, mange flotte songar, og mange av bileta frå klubbane han song i, og frå byane han spelte i, er finfine.

Guffen tilrår.

Meir Sinatra på kulturguffebloggen
Anthony Summers & Robbyn Swan: Sinatra. The Life (2005)
Barbara Sinatra: Lady Blue Eyes. My Life with Frank Sinatra (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar