30. januar 2016

Jaga Jazzist (USF, Bergen, 29.1.16)

Fy fasan - Jaga Jazzist er eit glimrande band. Dei er nede i ni medlemmar etter at Matias Eick takka for seg for eitt eller to år sidan, men det er framleis mykje moro att. Dei spelte i om lag 100 minutt, og det var svært få lågpunkt.

Ein typisk Jaga-song startar relativt roleg, gjerne med eitt eller i alle fall få instrument, men det ballar på seg etter kvart. Det ballar kraftig på seg etter kraft. Fleire av dei åtte vekslar mellom ulike instrument, gjerne i ein og same song, og det er av og til ein lydvegg omtrent utan like. Det er ekstremt fengande, det er ekstremt rytmisk, og det er ekstremt stas.

Den ferskaste plata deira er meir elektronika-dominert enn dei føregåande. Så vidt eg hugsar spelte dei alle fem songane frå den plata, men dei henta sjølvsagt òg songar frå tidlegare plater. Mest stas var det med "One-Armed Bandit" og "Toccata", begge frå plata One-Armed Bandit, men det var stas heile vegen. I ei bok eg nyleg las av sjølvaste Robert Forster lista han opp det han kallar "The Ten Rules of Rock and Roll". Ein av desse reglane var at ingen band gjer noko nytt på scena etter tjue minutt av konserten. Forster kan ikkje ha sett Jaga Jazzist - her skjer det jo noko nytt heile tida. Dei kunne spelt ein time eller to til, og det hadde framleis vore like stas.

Guffen tilrår.

Meir Jaga Jazzist på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar