5. mars 2016

Escape from Alcatraz (1979)

Eg var i San Francisco i 1988, og ein ettermiddag tok eg turen ut til Alcatraz, saman med hundrevis av andre turistar. Den viktigaste grunnen var nok at eg hadde sett denne filmen nokre år tidlegare. Denne gongen var det omvendt, eg sette på filmen av di eg hadde vore på Alcatraz. Alcatraz er ei øy i hamnebassenget utanfor San Francisco, der det frå 1930 til 1963 var eit fengsel med svært høgt sikringsnivå. Avstanden til land er eit par kilometer, slik at godt trente innsette godt kunne ha klart å symja over. Hadde det ikkje vore for det kalde vatnet. Og dei sterke straumane.

Det vart sagt at Alcatraz var uråd å rømma (levande) frå. Denne filmen handlar om det eine fluktforsøket som kan ha lukkast. Saman med dei to Anglin-brørne kom Frank Morris seg ut av fengselet i 1962. Av nokre regnfrakkar hadde dei laga ein enkel flåte, og dei la ut mot naboøya Angel Island. Morgonen etter oppdaga vaktene at tre fangar mangla, men dei mange og store leiteoperasjonar var resultatlause.

Filmen fortel denne historia på ein grei måte, også for dei som veit kva som vil skje. Til liks med dei fleste fengselsfilmar vert det brukt tid på å visa at der er interne hierarki blant fangane, og der er nokre relativt obligatoriske slosskampar, men sentralt i filmen står det målmedvitne arbeidet til det tre, som vil og skal ut.

Korleis gjekk det med dei? Ingen veit sikkert. Filmen opnar for at dei overlevde; under besøket i 1988 var alle klare på at dei hadde drukna. Ingen kunne prova det, og eit fjernsynsprogram for nokre år sidan hevda å ha funne hemmelege dokument som viste at flåten deira vart funnen på Angel Island, og at dette vart halde hemmeleg for å hindra at fleire fangar ville prøva å rømma. Det var det jo uansett, og året etter var det ein som greidde å symja til land frå Alcatraz. Det same året vart fengselet lagt ned.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar