19. mars 2016

Saving Private Ryan (1998)

Den fyrste halvtimen av denne filmen er rimeleg blodig. Det er D-dagen, der allierte soldatar prøver å ta seg i land i det tysk-okkuperte Frankrike. Det vert eit blodbad utan like, dei tyske soldatane ligg i bunkerar og skyt ned det aller meste som rører seg. Det handheldne kameraet og dei konsekvente nærbileta gjer at me er på stranda der invasjonen skjer. Det er brutalt, det er ekkelt, og det gjev inntrykk.

Resten av filmen er ikkje like inntrykksfull. Tilbake i USA vert det oppdaga at tre av fire soldatbrør i ein familie nyleg har mist livet, og ei gruppe soldatar som overlevde invasjonen får i oppdrag å finna den fjerde og få han heim til USA. Den fjerde, som altså er menig Ryan frå filmtittelen, har hoppa ut i fallskjerm ein stad i Frankrike, så det vert litt nål i høystakk-leiting. Dei finn han, sjølvsagt, men før han kan sendast heim misser dei fleste i den åtte mann store redningsgruppa livet.

Den leiteaksjonen er ikkje altfor original. Soldatgruppa er sett saman av ulike typar, sjølvsagt - ein er hissig, ein er røynd, ein er fersk, ein er modig, ein er feig, osb. Dei er alle lunkne til dette oppdraget, og må fleire gonger overtalast til å halda fram. Skytescener er her nok av. Det er relativt vanlege greier, altså, og det heile vert i lengste laget.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar