31. juli 2016

Fargo, sesong 2 (2015)

Eg var litt skeptisk til den fyrste sesongen av denne serien, men likte absolutt det eg såg. Forventingane til denne sesongen var altså heilt annleis - no venta eg meg noko bra. Og det fekk eg òg.

Handlinga er denne gongen lagt til 1979. Me er framleis i områda rundt Fargo, og hadde eg brukt andre overskrifter på denne bloggen kunne eg kalla serien "Sopranos kjem til prærien", eller noko slikt. Området rundt Fargo vert kontrollert av den lokale familien Gerhardt. Ein av sønene i den familien vert køyrd ned og drepen av ei kvinne. Ho prøver, saman med mannen sin, ein slaktar i småbyen Luverne, å dekkja over denne ulukka, men det går sjølvsagt ikkje heilt etter planen. Ei rekkje liv går tapt, både i Gerhardt-familien, i ein rivaliserande organisasjon i Kansas City som prøverå få kontroll over Fargo-området, mange politifolk, og ikkje så reint få tilfeldige personar.

Historia vert godt fortalt, med fleire uventa vendingar, med mykje humor, med godt språk (og godt tonefall), og mange små referansar til filmen Fargo og til andre Coen-filmar. Der er heile tida ein fabelaktig kontrast mellom den naive slaktaren og den plaprande kona hans, som trur dei har full kontroll, og dei meir tause kriminelle, fyrst og fremst indianaren Hanzee Dent i Gerhardt-banden og Mike Milligan frå Kansas City, som begge forstår kva som skjer og kva som må gjerast. Politimannen Lou Solverson, som òg er med i sesong 1, har òg full oversikt over kva som skjer og kva som må gjerast, i motsetnad til fleire av dei andre politifolka som er med i serien.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo (film, 1997)
Fargo, sesong 1 (2014)
Fargo, sesong 3 (2017)
Fargo, sesong 4 (2020)
Fargo, sesong 5 (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar