30. juli 2016

Kjell Venås: Mål og med. Noregs Mållag i 1980-åra (1991)

Undertittelen på denne boka kunne knapt vore meir presis. Noregs Mållag fekk Venås til å skriva ei enkel og grei bok om aktiviteten til mållaget i 1980-åra. Det er ei ujamn bok, og når det er mest interessant for meg, er det når han skriv om folk eg møtte ti-femten år seinare.

Venås opnar med ein gjennomgang av organisasjonen, med tillitsfolk og tilsette. Her er det det mange personar eg møtte då eg arbeidde i Aasen-tunet, men òg nokre namn som var heilt nye for meg, også på leiarnivå. (Leiartittelen vart innført i 1982. Då vart Maria Høgetveit Berg attvald, slik at ho vart både den fyrste kvinnelege formannen i NM, og den fyrste leiaren.) Så går Venås inn på viktige saker. Dei fleste av desse er velkjende frå målstriden både før og etter perioden han skriv om - skulemål, rettskriving, nynorsk i media, osb. Bolken om rettskriving er for lang og for detaljert; her var Venås sjølv ein aktør, og burde nok fått beskjed om at her kunne han ha korta litt.

Her står både om nedturar og oppturar. Skulemålsprosenten steig (så vidt) i fleire år, Det Norske Teatret opna nybygget sitt i Oslo, mållaget fylte 75 år - der var mykje å gle seg over. Men organisasjonen vart svekt, mellom anna ved at kontoret i Bergen vart lagt ned.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar