26. august 2016

Bob Gruen: The Clash (2002)

Det er ikkje noko bombe at eit band er opptekne av korleis dei tek seg ut. Det er heller ikkje noko bombe at band som er opptekne av korleis dei ser ut ikkje alltid får det til. The Clash var eit slikt band - som regel har dei god stil, andre gonger, som oftast mot slutten av karriera, bommar dei heilt.

Bob Gruen er ein røynd fotograf, som har gjeve ut fotobøker om fleire kjende band. Han var på god fot med The Clash dei seks-sju fyrste (og mest interessante) åra til bandet, og har samla dei beste bileta sine i denne boka. Her er mange bilete frå konsertar, men like spanande er bileta frå backstage, frå bussar og tog, og frå vanlege fotooppdrag.

Svært mange av bileta er strålande. Her er korte eller lengre bilettekstar, skrivne av Gruen sjølv, nokre frå bandet, eller andre som stod dei nær. Både bileta og tekstane viser utviklinga i bandet, frå dei er unge og entusiastiske 77-punkarar som alle spelar på lag, til dei vert litt eldre og entusiastiske (men meir slitne), og ikkje like samkøyrde.

Guffen tilrår.

Meir The Clash på kulturguffebloggen
Marcus Gray: Route 19 revisited. The Clash and the making of London Calling (2011)
Frode Grytten: Brenn huset ned (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar