21. august 2016

Valley Uprising (2014)

Yosemite er ein nasjonalpark i California. Den sentrale delen av parken er sjølve Yosemite-dalen, der fleire av dalsidene er loddrette fjellveggar. For fjellklatrarar vart denne dalen eit mekka. Denne filmen handlar om tida frå 1950-åra til i dag, og viser korleis mykje har endra seg i den perioden. Det einaste som er felles er sjølve klatrarane - dei trivst best litt på utsida av samfunnet, der dei ikkje har altfor lange perspektiv på det dei driv med, og der dei stort sett berre gjer det dei har lyst til: Klatra, og å rusa seg.

I tråd med endringane i klatreteknikk og -etikk har ulike personar vore dei sentrale i Yosemite-miljøet. Frå den fyrste tida, då ein skulle vera sikra med tau, via ein periode der ein òg brukte ekstremt mange pluggar, til friklatringstida, der ein ikkje var sikra, til den siste tida, når ein gjerne friklatrar med ein fallskjerm på ryggen. Skulle ein falla då, har ein i alle fall i teorien ein sjanse til å redda seg. Etter kvart som det kom nye teknikkar vart det alltid svære debattar og kranglar om den rette måten å klatra på. Det gjekk òg sport i å klatra store ruter raskare - ei av dei mest legendariske rutene gjekk langs ein kant på El Capitan. Fyrste gong ruta vart klatra brukte dei mange forsøk, der dei festa tau langs ruta for å gjera opp- og nedturen raskare. Speedklatrarar har seinare klatra heile ruta (nær 900 meter) på under to og ein halv time.

Yosemite vart og vert ein meir og meir populær nasjonalpark, med millionar av besøkande kvart år. Styresmaktene i parkene likar ikkje klatrarane, som ikkje går heilt overeins med den vanlege turisten. For nokre år sidan vart det ulovleg å overnatta meir enn sju netter i nasjonalparken kvart år; basehopping er òg forbode i parken. Det stoppar ikkje klatrarane, slik at politiet i parken bruker mykje tid på å finna og fanga så mange klatrarar som råd.

Det er fascinerande historier. Ingen av klatrarane frå pionertida legg skjul på at det var mykje narkotika inne i biletet, og dei vert alle blanke i augene når dei fortel om den gongen det styrta eit smuglarfly fullt av marijuana langt inne i parken. Klatrarane var dei fyrste som tok seg opp til flyet, og mange av dei selde nok stoff til å finansiera ei rekkje ekspedisjonar.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar