9. september 2016

Bill Bryson: Notes from a Small Island (1995)

Bill Bryson kom nyleg med ein oppfølgjar til denne boka. Eg fann ut at eg, før eg las den nye boka hans, like godt kunne friska oppatt denne. Det var verdt bryet - her er svært mykje å le av.

Utgangspunktet til Bryson er greitt. Han kom fyrste gong til Storbritannia i 1973, som relativt ung student, og fann seg snøgt til rette. Nokre kjenningar hjelpte han med å få jobb på eit sjukehus, der han møtte ei dame han seinare gifta seg med. Etter mange år busett i England skulle dei flytta attende til heimlandet hans, USA, og han ville gjerne ta ei reise gjennom Storbritannia (minus Nord-Irland) før han flytta. Han reiser på kryss og tvers - han vitjar nokre stader han har vore før, og nokre stader han ikkje har vore før.

Han har altså vore lenge nok i landet til å kjenna kodane der, men samstundes er han ein som ikkje høyrer til der, og som kan merka seg det som for tilreisande verkar rart og til dels uforståeleg. Og det er der Bryson verkeleg er god, han skriv godt om dei raraste tinga. Han sporar opp hus eller anna som kan knytast til fargerike personar frå historia.

Favoritten i så måte kan vera W.J.C. Scott-Bentnick (1800-79), som var svært velståande, ekstremt asosial, og så til dei grader eksentrisk. Han budde i eit enormt herskapshus, men brukte berre ein liten krok av det. Tenarane hans fekk beskjed om å aldri koma inn i rommet - viss dei tilfeldigvis møtte han i gangen stoppa han heilt opp, og dei hadde klar instruks om å berre gå vidare som om han var ein del av møblementet. Av aldeles ukjende grunnar ville han byggja eit like stort herskapshus under jorda, og hadde ei tid 15 000 menn i arbeid med det undergrunnshuset. Då det var fullført var der mellom anna eit 80 meter langt bibliotek, og ein ballsal med plass til 2000 gjestar. Sjølv om han altså aldri hadde besøk.

Mot slutten av boka kjem òg nokre blinkskot om eldre folk: "It's amazing, isn't it, how you can give an old couple a canvas holdall, an assortment of Tupperware containers and a Thermos flask and they can amuse themselves for hours". Og "It's an odd thing about mothers, generally, I believe. As soon as you leave home they merrily throw away everything that you cherished through childhood and adolescence, but give them half a peach or a spoonful of leftover peas and they will put it in a Tupperware container at the back of a fridge and treasure it more or less for ever".

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Neither here Nor there (1991)
A Walk in the Woods (1998)
Notes from a Big Country (1998)
Down Under (2000)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)
The Body (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar