12. februar 2017

Kjell Herheim og Nils Kvamsdal: Voss (2008)

Dei siste åra har det kome ut fleire fotobøker med bilete frå den nære vossahistoria. Dette er truleg den beste av dei. Bileta er henta frå arkivet til Herheim foto. Herheim og Kvamsdal gav seinare ut Skibygda Voss, der bileta òg er henta frå det same arkivet, men i den boka er det langt mindre variasjon enn her. Det har òg kome ut ei bok med fotografi tekne av Ole Skredegård. Sjølve bileta er like interessante der, men både formgjeving og tekstar er betre i denne boka.

Christian Herheim grunnla Herheim foto i 1956. Sonen Kjell tok seinare over verksemda, og det er dei to som har teke alle bileta i boka. Boka har ei grei inndeling, og fortel mykje. Svært mykje. Ein ting er det bileta fortel om - ei bygd og eit bygdesentrum i utvikling, daglegdagse hendingar, ulukker osb - ein annan ting er det boka fortel om fotografar og fotografering. Langt frå alle hadde kamera, og det å fotografera seg kunne det framleis vera noko høgtid over. Fiskarar som fekk ein svær laks kunne ta han med til fotografen. Så godt som heile russekullet møtte på gymnaset om morgonen 17. mai for å verta fotografert. Husmorlag tok turen til fotografen i samla tropp. Riksaviser brukte lokale fotografar meir enn no.

Sjølvsagt har både klede og frisyrar endra seg i desse åra. Likevel er det endringane på Vossavangen som gjer mest inntrykk. Det var eit langt meir stilreint sentrum, der det var ein heilskap i fasadar ein ikkje finn i dag, og der serveringsstadene hadde stil. Og, trass i at gatene var enormt breie, det var langt færre bilar. Biletet av Vangsgata ein snørik desemberkveld er nesten ikkje til å tru - det verkar som om gatene er langt smalare no.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar