23. april 2017

Jan Omdahl: a-ha. The Swing of Things (2010)

Den fyrste utgåva av denne boka kom i 2004. I 2010 la a-ha ut på ein avskilsturné, og i det høvet kom det ei oppdatert utgåve av boka. Det er ei grei bok, med mykje foto, både av band og merch, med tekstar og intervju, og med fakta om plater og turnéar.

Eg er ikkje altfor begeistra for a-ha. Der er nokre fengande låtar histen og pisten, og sikkert fleire enn eg er klar over - eg trur eg har éi einaste a-ha-plate. Eg var på konsert med dei i Ålesund i 2006, på sommartur med dei andre i Aasen-tunet, og det var slettes ikkje noko god oppleving. Midtpartiet på konserten var uendeleg - det tok seg litt opp mot slutten, men det var ei seig stund.

Denne boka er nok meir retta mot dei som set a-ha høgare. Omdahl spelar mykje på motsetnadene i bandet, og det er uvanleg at bandmedlemmar er så kritiske til kvarandre. Alle kan skryta av dei andre, men dei kan òg slakta dei. Dei siste platene ser ut til å ha vore laga utan at dei tre snakka saman. Einaste grunnen til at dei kom saman att (og kom saman att nokre år etter at boka kom ut) var at musikken dei skapte på eiga hand ikkje var på same nivå.

Og dei har nok glidd langt frå kvarandre. I boka listar to av dei tre opp dei ti favorittsongane a-ha har laga. Det er ikkje overlapping i det heile. Magne Furuholmen likar best dei store hitane; Paul Waaktaar-Savoy går for andre songar. (Morten Harket har ikkje laga liste.)

Omdahl har snakka med bandet, og med dei rundt bandet, og gjev eit greitt bilete av historia deira. Det vert mykje skryt, slik det gjerne vert i bandbiografiar, men ikkje meir enn at ein kan leva greitt med det.

Guffen tilrår.

Meir a-ha på kulturguffebloggen
Tor Marcussen: "We want the world and we want it now..." Boka om a-ha (1985)
Ørjan Nilsson: Tårer fra en stein (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar