10. april 2017

Møster! (Vossasalen, Voss 8.4.17)

Dette var (omtrent) alt eg fekk med meg på Vossa Jazz i år. Ti minutt med Sondre Lerche var meir enn nok, og under Badnajazz-konserten sundag var eg vel ugild. Men denne eine konserten var vel verdt pengane - det var stort sett ein time med stas.

Eg såg Møster! i Bergen i fjor haust. Då var dei berre fire, denne gongen var dei utvida med tre: Perkusjonisten Helge Nordbakken, tangentisten Ståle Storløkken, og lydmakaren Jørgen Træen. Spesielt dei to fyrste gjorde mykje av seg. Saman med trommeslagaren Kenneth Kapstad og bassisten Nikolai Eilertsen utgjorde Nordbakken ein avsindig rytmeseksjon. Dei to bak trommesetta utfylte kvarandre godt, og Eilertsen var lengre framme i lydbiletet enn elles. På fleire av songane var det han som heldt det saman, der dei melodiøse basslinene hans var basisen dei andre bygde på.

Og - med fare for å dra metaforen for langt - det var ein del bygging. Dei bygde opp eit massivt lydbilete, der Storløkken, gitarist Hans Magnus Ryan og saksofonisten Kjetil Møster veksla på å dra soloar. Her var Storløkken i sitt ess, og dansa meir på pianokrakken sin enn fleire i publikum.

Fabelaktige greier, altså. Møster! siglar opp som favorittar, og det er alltid gledeleg med tilvekstar i den kategorien.

Guffen tilrår.

Meir Møster! på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
Østre, Bergen, 27.10.2016
USF, Bergen, 10.10.2021

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar