24. mai 2017

Greg Grandin: Kissinger's Shadow (2015)

Henry Kissinger var litt av ein røvar. Han studerte ved Harvard, tok doktorgrad der, og var tilsett ved universitetet då han i 1968 vart kalla til rolla som nasjonal tryggleiksrådgjevar (National Security Advisor) i regjeringa til Nixon. Etter at Nixon vart attvalt i 1972 vart Kissinger utanriksminister.

Her fekk han etter kvart mykje makt. Det han likte best var å visa andre land kor mykje militær makt USA hadde. Under Vietnam-krigen var det han som stod bak den massive, massive bombinga av nabolandet Kambodsja. Han meinte at USA hadde full rett til å stoppa framveksten av kommunisme i andre land, og la dermed grunnlaget for det som vart amerikansk politikk dei neste tiåra. USA blanda seg inn i ei rekkje land i Latin-Amerika, Midt-Austen og andre stader i Asia. Etter at han gjekk av var han mykje brukt som utanrikskommentator, og var òg rådgjevar for fleire av presidentane. Heile tida støtta han amerikanske invasjonar, heile tida nekta han for at han hadde gjort noko gale eller urettvist. I 1973 fekk han forresten Nobels fredspris.

Kissinger får ikkje mykje skryt i denne boka. Grandin er professor ved New York University, og soknar til venstresida i amerikansk politikk. Det kan godt henda at det fargar framstillinga hans, men det heile er bygd opp svært grundig. Ein sit att med eit inntrykk av at Kissinger var til dels inhuman i kampen for å byggja opp amerikansk herredøme, og at viss han ikkje hadde brukt makta si så katastrofalt, ville verda vore ein betre stad i dag.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar