25. juni 2017

Patrick Phillips: Blood at the Root (2016)

Patrick Phillips bur i dag i Brooklyn, New York, men han vaks opp i Forsyth County rett nord for Atlanta, Georgia. Familien hans flytta dit i 1977, om lag då han tok til på skulen, og oppdaga gradvis at i Forsyth var ting annleis. Her budde det berre kvitingar, og Phillips vert etter kvart klar over kvifor det er slik: I 1912, etter ei rettssak der tre farga vart dømde for å ha valdteke og drepe ei kvit kvinne, vart alle farga jaga ut av fylket. For dei fleste av kvitingane var dette eit heidersteikn, også så seint som i 1970- og -80-åra. 75 år etter rettssaka, altså i 1987, vart det gjennomført ein minnemarsj, som viste at rasismen framleis var dominerande i Forsyth. Phillips og foreldra hans var ein av svært få kvite familiar som gjekk i marsjen.

Denne boka fortel i detalj om hendingane i 1912, og om korleis rasismen dominerte både før og etter det. Det er ikkje lystig lesnad. Den viktigaste grunnen til at dette kunne skje var at sheriffen var rasist, han vart seinare med i Ku Klux Klan, og han ignorerte heilt dei statlege påboda han fekk. Dei dømde vart hengde, og trass i at det kom påbod om å ikkje gjera dette altfor offisielt, vart henginga lagt til eit naturleg amfi, der publikum kunne få god innsikt i det som skulle skje. Guvernøren i staten fekk høyra om dette, og påla sheriffen å byggja eit høgt gjerde rundt galgene. Det vart gjort, men det vart ikkje sett ut vakter den siste natta, så avrettingsdagen var gjerdet brunne ned, slik at alle fekk sjå.

Det er ei bok å verta sint av, ei bok å verta oppgitt av. I dag er Forsyth eit litt meir blanda samfunn, men det er ikkje noko bombe at det framleis er ekstremt mange grumsete haldningar i området.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar