9. juni 2017

Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)

Eg har lese (nesten) alt av Thomas Pynchon, og det er eg ikkje åleine om. Torstein har sikkert lese alt, og det var han som gav meg dette heftet til jol i fjor. Det er mest for spesielt interesserte, slik alle publikasjonar er, men det er slettes ikkje det einaste som er skrive om William Pynchon: Der er skrive minst ei bok om han. Han skreiv òg nokre få bøker sjølv, og kjem for alltid til å stå som forfattaren av den fyrste boka skriven i Amerika som vart bannlyst. Kor mange slektsledd det er mellom desse to forfattarane veit eg ikkje, men begge har artiklar på Wikipedia. Artikkelen om William er den einaste av dei to med bilete av den omtalte.

Dette heftet gjev ei grei innføring i kven han var, og kvifor han sette spor etter seg. Han kom til det amerikanske kontinentet alt i 1630, og budde fleire stader i New England. Han dreiv med handel, han kjøpte opp skinn frå indianarane og importerte dei til Europa. Han gjorde det stort, dels av di han busette seg lengre vest enn andre handelsmenn. Han grunnla byen Springfield, sørvest i Massachusetts.

I 1650 gav han ut boka The Meritorious Price of Our Redemption, der han, modig nok, tok eit oppgjer med dei vanlege tolkinga av kristendommen. Boka var forboden, dei fleste kopiane vart brende, og Pynchon fann det tryggast å returnera til England. Då var han ein halden mann, og skreiv fleire pamflettar der han var kritisk til kristendommen. Han døydde i 1662, 72 år gamal.

Det er ikkje eit hefte som sprudlar, dette, men her er likevel mykje å merka seg. Nokre av dei andre personane har namn som dukkar opp i skriftene til Thomas Pynchon (Winthrop, til dømes), nokre personar burde gjera det (som Theophilus Eaton), her aular av gode stadnamn, og eit par av sitata frå skrifter av Pynchon kunne vore skrivne av den nolevande Pynchon.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
The Crying of Lot 49 (1965)
Slow Learner (1984)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Bleeding Edge (2013)
Inherent Vice (film, 2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar