5. juni 2017

The Usual Suspects (1995)

Denne filmen har eit snedig manus. Ein båt på hamna i Los Angeles vert øydelagd av brann, og på båten finn politiet haugevis med lik. Ein av dei overlevande, krøplingen Verbal Kint, vert teken inn til avhøyr. Historia han fortel handlar mykje om han sjølv og fire andre bandittar, men mest handlar det om den mystiske Keyser Söze.

Dei fem har kome til LA for å selja nokre stolne juvelar, og vert pressa til å ta seg inn på båten. Der skal dei øydeleggja enorme mengder kokain, som er smugla inn i landet. Söze, som pressar dei til å gjera dette, vil få meir kontroll over narkotikahandelen dersom kokainen vert øydelagd. Dei fem prøver seg, men møter raskt på overraskingar.

Filmen vekslar mellom avhøyret på politistasjonen og filming av hendingane Kint fortel om. Politiet anar at han ikkje fortel alt, men let han gå. Scenene i og utanfor avhøyrsrommet er glimrande, eg såg filmen på kino då han kom, og hugsar korleis slutten endra premissane for alt som hadde skjedd. Like overraskande var det sjølvsagt ikkje no, men det var likevel verdt bryet å sjå filmen.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar