13. juli 2017

Franz Kafka: Forvandlinga og andre forteljingar (1915)

Skald forlag gjev ut klassisk litteratur i nye omsetjingar. Denne er omsett av Jon Fosse. Dette er den andre boka eg les i denne serien, og denne er også svært bra. Her er samla fem forteljingar av Franz Kafka - ei halvlang, ei lang, og tre korte. Dei tre korte kjem til slutt. Den siste heiter "Draum", og minst ein av dei to andre har noko draum-liknande over seg.

Det kan ein vel òg seia om den lange forteljinga, "Forvandlinga". Opningssetninga fekk eg servert av Brynjulv då han studerte tysk, og det er ei fin opning på forteljing: "Då Gregor Samsa vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp". Han bur saman med systera og foreldra, og dei er sjølvsagt litt usikre på korleis dei skal takla dette. Gregor forstår alt som skjer, men kan ikkje snakka og kan difor ikkje forklara dei kva han vil. Forteljinga er av og til tragisk, av og til morosam, av og til begge delar.

To fulltreffarar av Skald så langt, altså. Eg har teikna meg som abonnent på serien, så det kjem fleire meldingar etter kvart.

Guffen tilrår.

Meir Kafka på kulturguffebloggen
Prosessen (1925)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar