8. juli 2017

Howard Teichmann: George S. Kaufman. An Intimate Portrait (1972)

Dette var helst skrale greier. George Kaufman var etter alle solemerke ein kar som var uvanleg treffsikker med replikkane sine. Det var teaterverda som stod han nærast, og han sat på dei fleste stolane som var tilgjengelege: Han var dramatikar, regissør, skodespelar og teaterkritikar i New York Times. Han skreiv òg nokre filmmanus, mellom anna to for Marx Brothers.

I boka er det mange døme på replikkunsten hans, og nokre er svært solide også i dag. Men mange er så livlause at det er nærliggjande å skulda på forfattaren. Teichmann kjende Kaufman godt, dei skreiv mellom anna nokre teaterstykke i lag, og noko av det han rosar Kaufman for er timinga. I Teichmann si framstillinga er timinga heller haltande.

Det er òg rart å sjå kva han legg vekt på. Av ein eller annan grunn er det viktig å få fram korleis Kaufman og den fyrste kona hans fort gjekk lei av kvarandre seksuelt, og at dei begge difor stod på med andre både titt og ofte. Det verkar ikkje som det viktige i ein biografi som denne. Boka er òg bygd opp på ein måte det er vanskeleg å forstå.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar