13. august 2017

Fargo, sesong 3 (2017)

Denne fjernsynsserien er altså veldig laust basert på filmen Fargo. Handlinga er henta frå den amerikanske midtvesten, og også i denne sesongen er slektskapen med Fargo (og andre Coen-filmar) tydeleg. Her er småkriminelle og storkriminelle, her er ein kvinneleg politi, her er mistydingar, her er litt av den same musikken, og i denne filmen spelar til og med eit frimerke ei viktig rolle. Og i ein av episodane har to av dei sentrale personane ein lang samtale i ein bowlingsalong.

Tvillingane Ray og Emmit Stussy har kome litt ulikt ut i livet. Emmit er ein svært rik forretningsmann; Ray er ikkje spesielt rik. Ein av grunnane er at Emmit arva den store og verdfulle frimerkesamlinga til faren, og selde alle frimerka bortsett frå eitt. Ray arbeider i kriminalomsorga, og hyrar ein banditt til å stela det siste frimerket. Og derfrå går det gale - banditten misser adressa, blandar saman dei to byane Eden Prairie og Eden Valley, og drep feil mann. Så ballar det på seg, med ein ekstremt lite sympatisk britisk kriminell, med ei rekkje dødsfall, med ein falsk sexvideo, med mykje vald og mange drap, osb.

Det heile er svært bra. Sjølv om mykje er likt frå sesong til sesong, er det nok nytt til at det fungerer. Det er kreativt, med mange uventa påfunn, både i historia og ikkje minst i det visuelle. Serien er lagt på is, skaparen Noah Hawley er oppteken med heilt andre gjeremål, og har òg sagt at han ikkje har konkrete planar for fleire sesongar. Og kor glimrande er ikkje det - ein fjernsynsserie som sluttar før nivået går ned. Me får vona at han skiftar meining - han verkar open for å laga fleire sesongar dersom dei finn ein idé som er god nok.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo (film, 1997)
Fargo, sesong 1 (2014)
Fargo, sesong 2 (2015)
Fargo, sesong 4 (2020)
Fargo, sesong 5 (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar