27. august 2017

Helga Flatland: En moderne familie (2017)

Familien i denne romanen vert broten opp, og grunnen er ein litt annan enn den me har lese om før. Eit ektepar på sytti år inviterer dei tre ungane med familiar til Syden, og medan dei er der kjem det fram at dei skal gå frå kvarandre. Dei tre ungane reagerer på ulikt vis, kanskje mest av di ingen av dei var førebudde på det.

Dei tre ungane vekslar på å ha forteljarstemma. Dei to eldste, Liv og Ellen, fortel det meste av boka, medan Håkon fortel det siste kapitlet. Det er ein god vri, i alle fall når boka vert skriven i fyrsteperson: Då kjem det greitt fram kor dårleg dei kommuniserer med kvarandre. Dei same samtalane og hendingane vert refererte frå to ulike synsvinklar, med til dels ulikt meiningsinnhald. Alle dei tre ungane ser ut til å tru at dei to andre har nærare kontakt, både med kvarandre og med foreldra.

Dei tre er i heilt ulike forhold. Liv er gift med Olaf, som ho har to ungar med. Ellen er sambuar med Simen, og dei har lenge prøvd å få born. Håkon trur ikkje på monogamiet, men kjem i ei knipe då han vert vilt forelska i ei kvinne som meiner det same. Det handlar altså mykje om ulike samlivsformer, og om korleis familien er noko av det som gjer livet stabilt.

Flatland skriv som vanleg godt, og ho skriv også denne gongen om eit viktig tema. Likevel var eg ikkje like imponert over denne boka som av dei andre bøkene hennar. Kanskje det heile vart for tydeleg, kanskje det skuldast noko anna, men det manglar noko her. Kanskje noko mystikk, kanskje ei overrasking eller to.

Guffen er lunken.

Meir Flatland på kulturguffebloggen
Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010)
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011)
Det finnes ingen helhet (2013)
Vingebelastning (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar