9. august 2017

Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)

For Jotunheimenkjennarar er der nokre personar alle set høgt, og som gjerne vert omtala i alle bøker om dette fjellområdet. Jo Gjende (1794-1883) er ein av dei. Han vert oftast omtalt som ein av dei største reinjegerane som har funnest. Han bygde seg to enkle buer ved Gjende, ei i kvar ende av vatnet, og budde der også om vinteren - ei årstid då alle andre heldt seg vekke frå fjellet. Etter kvart skaut han berre storbukkar, og han skal ein gong ha fulgt etter ein skadeskoten bukk i tre dagar før han endeleg fekk han på skothald igjen. Han hadde ikkje rare skulegangen, men godt vaksen lærte han seg å lesa skikkeleg på eiga hand, og las mykje filosofi og religion. Han var djupt skeptisk til kyrkja, og spurde ein gong ein prest om korleis han som var så klok kunne tru på alt som stod i Bibelen.

Denne boka fortel inngåande om Gjende. Steen fortel òg om andre samtidige jegerar, og om tilhøva i Vågå då Gjende levde. Eg tok meg i å vera skeptisk til mykje av det han skriv, mest av di han somme tider skriv svært detaljert om hendingar frå tidleg 1800-tal. Spesielt omtalane av slagsmål verkar litt for fantasifulle. Samstundes listar han opp ei rekkje kjelder til slutt i boka. Denne lista har absolutt sine manglar, men er så pass omfattande og variert at Steen truleg ikkje kan lastast for alt det fantastiske han skriv. Han kunne gjerne vore meir kritisk, men likevel.

Uansett er det ei lesverdig bok, der eitt av hovudpoenga er at det livet Jo Gjende levde berre kunne levast akkurat då han gjorde det. Mot slutten av livet hans kom det fleire og fleire turistar til Jotunheimen, og det førte med seg ei stor utbygging av fjellstover. Dei mange turistane gjorde òg at reinflokkane forsvann frå det sør-austlege Jotunheimen, der Gjende høyrde til.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar