7. november 2017

Garrison Keillor: Lake Wobegon Days (1985)

Byen Lake Wobegon finst ikkje, i alle fall ikkje med det namnet. Byen er oppdikta av Keillor, men det er ikkje vanskeleg å sjå slektskapen med småbyar i Minnesota. Byen er dominert av norsk-amerikanarar, men her er òg familiar med tyske, svenske og sikkert andre anar.

Romanen er eit portrett av denne byen. Keillor vaks sjølv opp i ein liknande by, og ein kan godt lesa bok som ei hylling til den byen. Eller til andre byar. Han skildrar folka med varme, der dei utfører sine daglege gjeremål. Alle har ikkje like store ambisjonar, og mange er skeptiske til alt moderne og alt som skjer i store byar. Keillor får oss til å smila av dei, av og til ler me òg, men han gjer det heile tida slik at me ser kvar sympatien hans ligg.

Boka har ikkje noko eigentleg handling. Det opnar med nokre litt for lange kapittel om historia til byen, så kjem det kapittel om religionsutøvinga, før det kjem fire kapittel om dei fire årstidene. Det meste er relativt lystig, men av og til vert det seigt, og boka hadde nok tent på å ha vore korta ned litt. Likevel er her mange blinkskot, og det er her Keillor legg grunnlaget for mykje av det han seinare har skrive (og sagt).

Guffen tilrår.

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Leaving Home (1987)
We Are Still Married (1989)
Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Liberty (2008)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)
Lake Wobegon Virus (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar