29. desember 2017

Maria Parr: Keeperen og havet (2017)

I denne boka møter me dei to luringane frå Vaffelhjarte igjen. Dei er framleis ulike - Lena er med på alt som er farefullt og nytt, medan Trille er litt meir usikker på alt det der. Lena tek høgst motviljug keyboard-timar; Trille er litt meir begeistra for pianotimane sine. Lena er målmann på fotballaget på øya; Trille sluttar etter at den nye trenaren stiller krav til spelarane.

Det er eit godt grep å henta fram att dei to, og det er òg eit godt grep at dei no er fem-seks år eldre. Verda deira er større - både geografisk, Lena har vore på sommarferie på Kreta, og den nye nabojenta har flytta hit frå Nederland, men òg kjenslemessig. Trille vert meir enn oppteken av jenta frå Nederland.

Her er hopp i havet, farlege flåte- og fisketurar, ungar som rømmer heimefrå, ein høgst dramatisk runde som jolebukk, og mykje anna stas. Både språket og historia er fullt av gode påhitt, og det er altså nok ei Parr-bok å gle seg over. Og det er heilt på plass når Lena, etter at ho vert vraka frå fotballaget, står att som vinnaren når ho møter dei største og sterkaste gutane i klassen.

Guffen tilrår.

Meir Parr på kulturguffebloggen
Tonje Glimmerdal (2009)
Vaffelhjarte (DNS, Bergen, 18.10.2014)
Tonje Glimmerdal (DNS, Bergen, 9.4.16)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar