5. desember 2017

Mark Lee Gardner: Rough Riders (2016)

Dette er den tredje boka til Gardner. I dei to fyrste tok han føre seg dei amerikanske legendene Jesse James og Billy the Kid, og begge bøkene var gode. Denne gongen handlar det om den seinare presidenten Theodore Roosevelt, og om regimentet Rough Riders. Denne boka er ikkje like vellukka som dei to andre.

Roosevelt var, merkeleg nok, uroleg for at han aldri hadde gått i krigen for landet sitt. Den relativt korte krigen mellom Spania og USA i 1898 endra dette. Der var kampar på Cuba, og Roosevelt samla saman eit regiment av frivillige, som var i krigen to månader sommaren 1898. Soldatane i regimentet var alle sugne på krig, og var ei lett blanding av cowboyar og byfolk. Dei fekk mykje pressedekning, og i avisene kunne det verka som om det var dei som avgjorde heile krigen, i alle fall på Cuba. Dei tok den viktige åsen San Juan Hill, stod det, men det var nok langt rettare å skriva at dei var med på å ta denne åsen - det kom profesjonelle soldatar frå to andre sider av åsen.

I alle fall: Denne krigen var med på å gjera Roosevelt endå meir berømt, og var ein viktig grunn til at han vart visepresident og seinare president nokre få år seinare. Han verkar meir usympatisk enn sympatisk. Han var ein lagspelar, som i intervju og i eigne bøker framheva dei friviljuge han hadde med seg. Men han var òg ein som pressa seg sjølv fram for å verta vidgjeten. Han var djupt vonbroten over at han ikkje fekk noko medalje for innsatsen sin, og hadde truleg eit altfor stort sjølvbilete til å sjå at rolla hans kanskje ikkje var så viktig likevel.

Det svingar altså ikkje like mykje av denne boka. Ein grunn kan vera at historia ikkje er god nok, det handlar om rekruttering, om trening, om båtreisa til Cuba, om dei vanskelege tilhøva der, om slaget på San Juan Hill, og om heimreisa og livet etterpå. Gardner har hatt tilgang til ei rekkje kjelder, også dagbøker og brev, men han bruker litt for mykje av dette, slik at det rett som det er vert for detaljert.

Guffen er lunken.

Meir Gardner på kulturguffebloggen
To Hell on a Fast Horse (2010)
Shot all to Hell (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar