1. januar 2018

Arnfinn Kolerud: Snillionen (2017)

Me er mange som ventar på den tredje boka i Vassbygdi-trilogien til Kolerud. Den trilogien rettar seg mest mot vaksne, og Snillionen passar nok like godt for yngre lesarar, så det treng ikkje tyda at ventinga har vore forgjeves. Men likevel - denne boka kjem ut på eit anna forlag, og kontaktane mine i Samlaget seier at dei ikkje veit om trilogien vert fullført. Me får vona at det kjem ei tredje bok ein gong.

Men mest av alt må me vona at det kjem mange bøker frå Kolerud. Han skriv glitrande, og her er som vanleg mykje å le av. Både språket og sjølve historia boblar over av gode påfunn.

Frank er ti år gamal. Mor hans vinn 24 millionar i Lotto, og dei drøftar kva dei skal gjera med pengane. Han vil bruka dei på litt av kvart; den som oppfører seg snillast i bygda skal få ein million, ein snillion. Det går sjølvsagt ikkje heilt etter planen; parallelt med at alle gjer gode gjerningar driv nokon og saboterer dei gode gjerningane, truleg for å hindra at andre får eit forsprang i jakta på snillionen.

Det svingar mest av boka når Frank og mora er i heimbygda. Dei tek ei ferieveke i Syden for å koma vekk frå alt maset og alle tiggarbreva, og den delen ligg ikkje på det same høge nivået.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar