6. januar 2018

Asbjørn Bakke: Erik Bye (2017)

Erik Bye er ein mann eg har respekt for, og den vart ikkje mindre under lesinga av denne biografien. Det som gjer mest inntrykk er måten han brukte statusen sin på. Han vart fast tilsett i NRK i slutten av 1950-åra, og spesielt etter at fjernsynet kom i 1960 vart han ein kjendis. I dag er landet fullt av halvstore kjendisar som stort sett bruker kjendisstatusen sin til å promotera seg sjølv; Bye gjorde noko heilt anna. Han såg at han kunne dra fram saker som er viktige. Nye båtar til Redningsselskapet. Betre ordningar for dei som leid vondt under krigen. Auka respekt for folk frå andre land. For NRK var han ein sjåarmagnet, men han var òg ei laus kanon som av og til gjekk for langt (for dei).

Bye hadde eit fargerikt liv. Han var fødd i Brooklyn, USA. Faren var operasongar, og då jobbane vart færre flytta familien til Oslo, der dei dreiv eit stort pensjonat. Der flytta tyske okkupantar inn tidleg i krigen. Det førte etter kvart til at Bye kom inn i heimefronten. Etter krigen reiste han til USA, eigentleg for å studera, men han brukte tid på mykje anna rart. Han fekk smaken på journalistyrket, men var òg skodespelar, landstrykar og sjømann. Tilbake i Noreg vart han altså tilsett i NRK. Resten er historie, som det heiter. Han skreiv bøker, han skreiv viser, han gav ut plater, og han gjorde altså eit stort inntrykk på alle som møtte han. Han hadde eit stort nettverk, han var alltid aktiv, og han var glad i menneske.

Asbjørn Bakke har gjeve Bye ein biografi han fortener. Han fortel med varme om livet til Bye, og har snakka med ei rekkje personar som stod han nær. Dei aller fleste har gode ting å seia, men nokre er òg kritiske. Bakke legg ikkje skjul på at Bye drakk mykje, men skriv òg at han var profesjonell nok til å likevel vera klar når scene- eller kameralysa vart slått på. Bye kravde mykje av alle rundt seg, ikkje minst dei som fylte ein sekretærfunksjon for han, men han gav òg mykje tilbake.

Så det er ei god bok, dette. Så får me heller leva med at den gamle musikkjournalisten Bakke påstår at Andrej Nebb manglar to fingrar på høgrehanda.

Guffen tilrår.

Meir Bye på kulturguffebloggen
Munnspill under åpen himmel (1966)
Spinn, mitt hjul (1971)
Å skyte en teddybjørn (1987)
Arvid Bryne: Hildringstimer (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar