9. januar 2018

Ole O. Moen: USA. Annerledeslandet i vest (2005)

Når det skjer viktige ting i USA er ofte Ole O. Moen ein av dei som kommenterer det i norske media. Han har skrive ei rekkje bøker og artiklar om USA, han har undervist i amerikansk kultur på Blindern (der han var professor), og han har budd lenge nok i landet og levd lenge nok til å uttala seg med tyngde om USA.

Denne boka gjev eit overblikk over det amerikanske samfunnet. Moen skriv om det politiske systemet, om lovverket, om utdanningssystemet, om regionale skilnader i landet, osb. Det heile er godt og grundig, og han argumenterer godt for synspunkta sine. Boka kom ut medan George W. Bush var president, og det verkar av og til som om han meiner at botnen må vera nådd. I sluttorda sine skriv han om korleis synet på USA endra seg stort på nokre tiår. Han skulle berre visst kva som kom eit tiår seinare.

Sjølv om Moen er kunnskapsrik, og sjølv om han gjer det han seier han skal gjera, er det noko livlaust over boka. Moen er ein god formidlar, og i opningskapitlet skriv han levande og lett, men mange av dei andre kapitla er det litt for lite futt i. Han burde ha henta fram glimtet i auga fleire gonger; det er jo noko som lett let seg kombinera med faktabaserte framstillingar om USA.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar