15. januar 2018

The Vietnam War (2017)

Vietnam-krigen verkar som ein krig USA aldri vert ferdig med. Det er laga mange filmar om krigen, det er skrive ei rekkje bøker. Krigen splitta USA, og var verkeleg med på å forma USA i nokre tiår. Det er ei historisk hending som fortener ein solid fjernsynsserie. Og denne serien er solid.

Eg såg versjonen NRK sende. Den har ti episodar, kvar på om lag ein time, slik at det er tid nok til å gå grunnleggande inn i alle sider av krigen. Det er likevel kortversjon; originalen er nesten dobbelt så lang.

Det er ein grundig og god historieleksjon. I tillegg til sjølve krigsåra (1955-75) fortel serien om tida før og tida etter. Ei rekkje personar på begge sider av konflikta er intervjua - både soldatar og pårørande. Det er ikkje gjort nye intervju med politikarane som var aktive då, men gamle fjernsynsopptak fortel om kva dei sa offentleg, og her er i tillegg mange lydopptak som fortel kva dei amerikanske presidentane sa bak lukka dører. Ingen av dei presidentane står fram i noko spesielt godt lys, og i alle fall ikkje Richard Nixon.

Vietnam-krigen var ein krig som kom heim i stovene til folk. Fjernsyn var vanleg overalt, og alle kanalar hadde reportarar i landet. Avisene hadde òg journalistar og fotografar i landet, sjølvsagt, og nokre av dei best kjende krigsfotografia er frå Vietnam-krigen. Som munkane som brende seg i hel, som politisjefen som avretta ein soldat på open gate, som den nakne jenta som skrikande spring vekk frå eit napalm-helvete. Alle desse er med her.

Guffen tilrår.

1 kommentar:

  1. Jeg har også sett begge versjoner: NRK-versjon og den lengre versjonen. Serien er godt laget. Den er best når den beskriver amerikanerne. Nyansene vises. Beskrivelsen av vietnameserne er unyansert i serien, synes jeg.
    Les f.eks.:
    Ikke en ABC for Vietnam, men en USA for dummies

    SvarSlett