14. januar 2018

Zora Neale Hurston: Their Eyes Were Watching God (1937)

Janie Crawford kjem attende til den vesle byen i Florida ho vaks opp i. Ingen har høyrt frå ho på lenge. Barndomsveninna hennar går på besøk, spør korleis Janie har hatt det, og får fortalt heile livssoga hennar.

Janie har hatt eit innhaldsrikt liv. Bestemora gifta ho vekk til ein eldre kjenning. Janie stakk av derfrå, saman med den litt meir driftige Joe Starks. Som alle andre negrar i Florida såg han at dei var undertrykte, men han gjorde noko med det. Han samla dei spreidde husa til ein by, opna ein butikk der inntektene gjekk til negrar, og heva sjølvkjensla til alle i byen. Etter at han døydde gifta Janie seg med den langt lausare fuglen Tea Cake. Dei flakkar rundt omkring, han er ikkje spesielt trufast, og misser livet etter å ha vorte biten av ein rabies-hund. Og Janie returnerer til heimbyen.

Hurston tek opp mange tema i denne boka. Dei mest opplagde er korleis negrar vart handsama, og korleis kvinner vert handsama. Janie (og andre kvinner) er ressurssterke, men vert ofte fortalt at dei bør halda seg vekke frå stader der ting vert bestemt, og at dei heller kan ta seg av matlaginga. Janie er likevel sterkare enn mange av dei andre kvinnene, ho finn seg ikkje i at ho heile tida skal sitja i baksetet.

Boka er velskriven, med ei rekkje glimrande dialogar. Eg las ho ein gong midt i nitti-åra, og sjølv om ho ikkje fenga meg like mykje no, var det framleis ei fin oppleving.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar